Rett referanse gir raskare behandling, færre feil og ein smidigare prosess for både dykk som leverandør og oss som kunde.
Frå 31. oktober gjeld følgjande
Faktura som manglar korrekt referanse, eller har feil referanse, vil bli returnert og ikkje behandla før fakturaen er korrigert.
Dersom fakturaen manglar referanse, vil de få ein automatisk e-post frå fakturasystemet vårt. Der finn de ei lenkje som gjer det mogleg å leggja inn eller korrigera referansen sjølve, utan å måtte senda kreditnota og ny faktura.
Slik merkar de faktura til Vindafjord kommune
Alle faktura skal ha:
- Ansvarsnummer (4 siffer) eller prosjektnummer (5 siffer) i feltet «Dykkar referanse» (BuyerReference).
I tillegg kan de:
- leggja namn på bestillar eller annan informasjon i merknadsfelt eller fakturatekst.
Ansvarsnummer eller prosjektnummer blir oppgitt av bestillar i Vindafjord kommune ved bestilling.
⚠️ Faktura utan korrekt referanse vil bli returnert.
Sjå heimesida til Vindafjord kommune for meir informasjon om faktura til Vindafjord kommune.
Fakturaadresse
Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1
5580 Ølen
Organisasjonsnummer: 988 893 226 MVA
Innsending av faktura
Vindafjord kommune ønskjer at alle faktura blir sende elektronisk i EHF-format.
Leverandørar som ikkje kan senda EHF, kan senda faktura på e-post til kommunen si fakturaadresse.
Papirfaktura per post blir ikkje akseptert.
Vindafjord kommune krev 30 dagars betalingsfrist.
Kvifor gjer me dette?
Målet er enkelt: Faktura skal finna rett mottakar første gong. Med korrekt merking får me raskare behandling, færre manuelle avklaringar og betre flyt i heile prosessen. Det sparer tid både for dykk som leverandør og for oss i kommunen.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med rekneskapsavdelinga dersom du treng hjelp eller har spørsmål om fakturamerking:
okonomi@vindafjord.kommune.no
Takk for samarbeidet – og for at de bidreg til ein enklare og meir effektiv fakturaprosess!