Viktig informasjon til leverandørar om fakturareferanse
Frå og med 31. oktober skal alle faktura til Vindafjord kommune og Etne kommune vere merkte med korrekt referanse.
For å sikra rask og korrekt behandling av faktura innfører kommunane krav om at alle faktura skal innehalda referanse til bestillande eining. Dette bidreg til at faktura kjem direkte til rett mottakar og gir ei meir effektiv fakturabehandling.
For dykk som tidlegare har påført referanse gitt av Vindafjord kommune, kan de sjå bort frå denne informasjonen. Alle tidlegare oppgitte referansar er framleis aktive og fungerer som før.
Kva skal oppgivast på faktura?
- Referansenummer (4 siffer) til bestillande eining i feltet «Dykkar referanse» (BuyerReference)
- Prosjektnummer (5 siffer) dersom kjøpet er knytt til eit prosjekt, og dette er opplyst av bestillar
Når gjeld kravet?
Kravet gjeld for alle faktura som blir sende frå og med 31. oktober.
Referanseliste eining 4 siffer