Politirådet - ein viktig samarbeidsarena

To gonger i året skal kommunen og politiet ha felles politiråd. Eitt åleine og eitt saman med Etne kommune. I dag leia varaordføraren møtet i Vindafjord med mange viktige saker på agendaen.

Politirådet i Vindafjord samla i formannskapssalen Nils Erik Eide

Ordførar Ole Johan Vierdal var opptatt og kunne ikkje leia det årlege politirådet for Vindafjord kommune, varaordførar Gustav Løge Fosse stilte opp og førte ordet i dagens møte. I desember skal Vindafjord ha felles politiråd saman med Etne. 

Politiet stilte med Fredrik Hopland Alvestad, politistasjonsjef Etne og Vindafjord, Jarle Grindheim, driftseiningsleiar Etne, Vindafjord, Sauda og Suldal (GDE) og Kristine Haraldseid Strand, politikontakt Etne og Vindafjord.
Frå kommuneadministrasjonen møtte kommunedirektør Yngve Folven Bergesen, kommunalsjef samfunnsutvikling Anne Sofie Sandvik, kommualsjef helse og omsorg Sigurd Gjerdevik, kommunalsjef oppvekst Nils Erik Eide og Gunnbjørg Nesbu, politisk sekretær. 

Kristine Haraldseid Strand, politkontakt Etne/Vindafjord, Fredrik Hopland Alvestad, politistasjonsjef Etne/Vindafjord og Jarle Grindheim, driftseiningsleiar Etne, Vindafjord, Sauda og Suldal (GDE) Nils Erik Eide  

Saker som vart diskutert på dette møtet var:

  • Status for Rådgivande enhet for narkotikasaker i kommunane
  • Status handlingsplanen SLT
  • Ung Data 
  • Festivalsommar, det som har vore og som skal arrangerast (planar mm)
  • Flyktningar, status
  • Oppvekstreforma
  • Eventuelt

Les meir om politikontakten her

Handlingsplan SLT 2021-2023