Ordførar, varaordførar, fleire politikarar og representantar for Medvind24 og Fikse næringsforening tok telefonen for å kontakte lokalt næringsliv.
Over 225.000 kroner blei samla inn til den viktige saka.
– Det er fantastisk å sjå korleis næringslivet stiller opp når me spør. Det gjer inntrykk, seier Mona Kristin Haraldseid, koordinator for aksjonen lokalt.
Ringedugnaden vart gjennomført i løpet av nokre hektiske timar, der ein samarbeidde om å nå flest mogleg verksemder.
Ordførar Ole Johan Vierdal deltok under ringedugnaden
Kristine Thorsen Eikeland
Saman kan me opna dørar
Mange gav raust, og fleire uttrykte kor viktig det er å stå saman om gode formål.
– Me er stolte av å ha eit næringsliv som bryr seg, og folk som stiller opp med tid og engasjement, seier Hilde Hellenes, leiar for kommunikasjon og service i kommunen.
– Me håpar dette inspirerer fleire til å bidra, anten med pengar eller ved å stille opp som bøssebærarar på aksjonsdagen. Saman kan me opna dørar, legg Mona til.
Hilde Hellenes og Mona Kristin Haralseid er nøgde med innsatsen under årets ringedugnad.
Kristine Thorsen Eikeland
Årets TV-aksjon handlar om å gi hjelp til dei aller mest sårbare i krig og fattigdom.
Atlas-alliansen skal bruke midlane slik at menneske med funksjonsnedsetjingar får tilgang til mat, medisinar og helseteneste.
I tillegg skal dei få hjelpemiddel som rullestolar og punktskriftbøker, og støtte til utdanning og yrkesopplæring.
Målet er å gi over 200.000 menneske i land som Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.
Kristine Thorsen Eikeland
Les meir om årets tv-aksjon
Meld deg som bøsseberar