Årets tv-aksjon: Bli bøsseberar og gjer ein stor forskjell for dei med funksjonsnedsettingar

Oktober er her – og me er i full gang med førebuingane til årets TV-aksjon. No kan du melda deg som bøsseberar og gjera ein stor forskjell.

Søndag 19. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, og i Vindafjord er me klare til å bidra! 

I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som arbeider for å gi funksjonshemma i krig og fattigdom tilgang til skolegang, helsetenester og livsviktige hjelpemiddel som rullestolar, proteser og punktskriftbøker.

TV-aksjonen vil gi støtte til over 200 000 menneske med funksjonsnedsetjingar i land som Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia.

Men for at dette skal bli ein suksess, treng me deg!

Årets plakat om å bli bøsseberar. Bileta av jente i rullestol. - Klikk for stort bilete

Vil du bli bøsseberar?

Å vera bøsseberar er ein enkel og viktig måte å bidra på – og ei fin anledning til å gjera noko meiningsfullt saman med familie, vener eller naboar. Du kan melda deg som bøsseberar på tvaksjonen.no, og vera med på å gjera ein forskjell for menneske som treng det aller mest.

Dato: Søndag 19. oktober
Korleis melda seg: Gå inn på tvaksjonen.no
Andre måtar å gi:

  • Vipps: 2133
  • SMS: Send TVA til 2133
  • Bank: 8380 08 09000

Saman gjer me verda litt betre – ei bøsse om gongen 💚

Kven står bak Atlas-alliansen?

Atlas-alliansen er ei paraplyorganisasjon for internasjonalt arbeid, og består av desse åtte norske organisasjonane:

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
  • Norges Handikapforbund (NHF)
  • Norges Blindeforbund (NBF)
  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)
  • Ryggmargsbrokk- og hydrocephalusforeningen (RH-foreningen)
  • Mental Helse Ungdom (MHU)
  • Norges Døveforbund (NDF)
  • Stiftelsen Signo

Saman jobbar dei for å betre levekår og rettar for funksjonshemma i nokre av verdas mest sårbare område.

Annonse om å bli bøsseberar - Klikk for stort bilete Vindafjord kommune