Partiprogram og røystesetlar

Kommunestyre- og fylkestingsval 2023 - 
Konvoluttar med partiprogram og røystesetlar blir å finna i alle daglegvarebutikkar i Vindafjord kommune, der kan dei som ønsker det henta ein konvolutt. På Bjoa ligg dei ved inngangen til Kløvertun (Helsehuset). 

Konvoluttar kan og hentast på Rådhuset i Ølen i opningstida 08.00-15.30

Kommunen sender ikkje ut partiprogram og røystesetlar til husstandane per post dette året, slik det er gjort tidlegare. Men dersom nokon ynskjer å få tilsendt partiprogram og røystesetlar per post, kan me kontaktast på postmottak@vindafjord.kommune.no eller 53 65 65 65.

Røystesetlane finn du i alle røystelokala i Vindafjord kommune når du skal førehandsrøysta eller røysta på valdagen.

 

Meir om val 2023