Val 2023

 

Offentleggjering av godkjente vallister til kommunestyreval 2023 etter Vallova § 6-7.

Vindafjord valstyre godkjente alle dei åtte innkomne listeforslaga i sitt møte 16. mai.
Følgande lister stiller:

  • Arbeiderpartiet
  • Fremskrittspartiet
  • Høgre
  • Kristeleg Folkeparti
  • Norgesdemokratene
  • Senterpartiet
  • SV - Sosialistisk Vensterparti
  • Vindafjordlista

Oversikt over listene med kandidatinformasjon finn du her: Godkjente vallister (PDF, 24 kB) kommunestyreval.

Husk at det i tillegg til kommunestyreval og er fylkestingsval. Her finn du vallistene til fylkestingsval Rogaland.

Listene ligg og til offentleg ettersyn på tenestetorget  på rådhuset.

 

Valdagen 11. september

Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit røystelokale på valdagen. Har du tidlegare avgitt førehandsrøyst, er det denne som gjeld.

Alle vallokale i Vindafjord kommune har ope frå klokka 12.00 til kl 20.00 på valdagen 11. september. Du kan røysta i det vallokalet du ønsker.

For å røysta på valdagen må du stå i manntalet i den kommunen du skal avgi røysta i (vera registrert busett i Vindafjord kommune 30. juni i valåret).

Røystegivinga går raskare om du har med deg valkortet ditt som du får tilsendt digitalt frå Valdirektoratet eller i posten.
Hugs å ta med legitimasjon!

I Vindafjord har me følgande valkrinsar og vallokale på valdagen, merk nytt vallokale i Vats, Arken:

  • Ølen valkrins - Ølen kulturhus
  • Sandeid valkrins - Sandeid samfunnshus
  • Vikedal valkrins - Vikedal bygdahus 
  • Imsland valkrins - Imsland bygdahus
  • Vats valkrins - Arken, Vats bedehus/soknehus
  • Skjold valkrins - Skjold Arena
  • Vikebygd valkrins - Vikebygd bygdahus
  • Bjoa valkrins - Bjoa skule
  • Vågen valkrins - Vågen bygdasenter 

Ditt vallokale står oppført på valkortet .

Tidlegrøysting

Frå 3. juli til 9. august kan du tidlegrøysta i kva kommune som helst dersom du ikkje har høve til å røysta i den ordinære førehandsrøystingsperioden eller på valdagen.

I Vindafjord kommune kan du avgi tidlegrøyst i Servicetorget på rådhuset mellom kl. 08.30 og 15:00., mandag til fredag.

Førehandsrøysting

Førehandsrøystinga startar 10. august, og fristen for å røysta på førehand i Noreg er seinast 8. september.

Skal du røysta på førehand, kan du gjera det i kommunar kvar som helst i landet.
Dersom du røystar på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil røysta automatisk bli sendt til heimkommunen.
Røystene må vera Vindafjord kommune i hende før kl. 17.00 dagen etter valdagen for at dei skal telja med i valoppgjeret.

Røystegivinga går raskare om du har med deg valkortet ditt som du får tilsendt digitalt frå Valgdirektoratet eller i posten.
Hugs å ta med legitimasjon!

Tidspunkt og stadar for førehandsrøysting i Vindafjord kommune:

10.08. til 08.09., mandag til fredag kl. 08.30-15.00, Vindafjord rådhus
Tirsdag 05.09. og torsdag 07.09.  kl. 08.30-20.00, Vindafjord rådhus
Laurdag 02.09. kl. 11.00-14.00, Vindafjord rådhus
Laurdag 02.09. kl. 11.00-14.00, Vikedal bygdahus
Laurdag 02.09. kl. 11.00-14.00, Skjold arena

Sjå tider for førehandsrøysting ved institusjonar og skular

Heimerøysting (ambulerande røysting)

Veljarar som er for sjuke til å ta seg fram til eit vallokale har krav på å få røysta heimefrå. Frist for å søka om heimerøysting er innan torsdag 07. september klokka 10.00. Det er ikkje krav om skriftleg søknad. Du kan ringa vårt servicetorg på telefon 53 65 65 65 eller sende e-post og be om å få røysta heimefrå. 

Har du røysterett?



Ved kommunestyre- og fylkestingsvalg har følgende personer røysterett, jf. valgloven § 2-2:

• Alle som har røysterett til stortingsvalg (sjå under)
• Statsborgere i andre nordiske land (det vil si Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Norge seinast 30. juni i valgåret
• Andre utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busatt i Norge sammenhengande dei tre siste åra før valdagen
• Er innført i manntalet i ein kommune på valdagen

Når det gjelder butid for utanlandske statsborgarar er det eit krav at denne er registrert sammanhengande dei tre siste åra.

Ved stortingsval har fylgjande personar røysterett, jf. valgloven § 2-1:

Norske statsborgarar som

• vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
• ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53 og som
• er, eller nokon gang har vore, folkeregisterført som busett i Norge. Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet

Står du i manntalet?

Har du flytta, og folkeregisteret ikkje har mottatt flyttemelding innan 30. juni 2023, står du framleis oppført i kommunen du flytta frå. Du kan då velja å røysta der valdagen eller førehandsrøysta i Vindafjord.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn frå det er klart, rundt 10. juli og til og med valdagen, på servicetorget ved rådhuset i Ølen.

Dersom du meiner du er feil innført i eller utelatt frå manntalet, kan du krevje feilen retta. Krav om retting gjeld feil, ikke i forhold til flytting etter 30. juni 2023.

Krav om retting skal væra skriftleg og grunngjeve. Kravet kan sendast til postmottak@vindafjord.kommune.no eller til Valstyret, Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Valkortet er digitalt

Du får tilsendt valkortet ditt digitalt.

Har du reservert deg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen din i registeret dei siste 18 månadane, kjem du til å få valkortet tilsendt på papir.

Valstyret

Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som blir røysta inn (valoppgjer). Leiar i valstyret er ordføraren.