Oppvekstkoordinator

Kommunane har fått ei tydeleg plikt til å samordna tenestetilbodet til barn. Gjennom BTI-modellen er Vindafjord kommune allereie godt i gang. Me har i tillegg fått ein ny oppvekstkoordinator i 50 prosent stilling frå 1. august 2022.

Ellen Marie Hagevik

Med all satsing på barn og unge som BTI, SLT, Ung Data, oppvekstreforma, kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, folkehelse med meir, er det viktig at kommunen har ein koordinator for å sikra at tenestene går i takt med desse nye og viktige satsingane for laget rundt barnet. 

Vår nye oppvesktkoordinator, Inger Kathrine Sundve, vil arbeida for tettare samarbeid mellom barnehagar, skular, barnevern, NAV, helsetenester og sosialetenester.

Heilskap og samanheng

Kommunalsjefane for helse og omsorg, oppvekst og samfunnsutvikling fungerer som styringsgruppe for barn og unge. Det at alle områda er representert også på overordna nivå er med og understreker kor viktig heilskap og samanheng er i arbeidet.

Det viktigaste arbeidet blir uansett gjort ute i kvardagen på helsestasjon, i barnehagar og skular. Arbeidet må bygga på tillit og samarbeid med barn, unge og deira familier, og ved bruk av hjelpetenestene til rett tid. Ved å bygga gode relasjonar og vera tidlig inne, slik det er skissert i BTI-modell og Handlingsrettleiar, trur me på å lukkast sjølv om ein treff på  utfordringar. Stafettloggen er eit nyttig verktøy til å hjelp på vegen.

BTI modellen

Handlingsrettleiaren

Stafettloggen

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Inger Kathrine  Sundve
Inger Kathrine Sundve
Logoped / oppvekstkoordinator
Oppvekst
E-post
Mobil 97 57 49 54