Rettleiaren er utvikla i eit tett tverrfagleg samarbeid og legg særleg vekt på tidleg innsats, elevmedverknad og godt samarbeid med føresette.
Skulefråvær er ei samansett problemstilling som kan få store konsekvensar både for den enkelte elev, familien og samfunnet. Med den nye rettleiaren ønskjer kommunane å rusta både tilsette og føresette betre i møte med denne utfordringa.
– Me såg eit tydeleg behov for å oppdatera rettleiaren i takt med ny forsking og ny forståing av skulefråvær, seier Sonja Hundseid Lærdal, leiar for PPT i Etne og Vindafjord kommune.
Alle dei involverte instansane – skule, PPT, helsetenester og barnevern – har bidrege med eigne faglege delar i rettleiaren, noko som styrkjer heilskapen og sikrar felles forståing i arbeidet med skulefråvær.
Eleven si stemme: Leiar for PPT Etne Vindafjord, Sonja Hundseid Lærdal, fortel at det har vore viktig å frå fram stemma til elevane og foreldra.
Kristine Thorsen Eikeland
Eit meir dynamisk verktøy
Arbeidet med den nye rettleiaren starta hausten 2024, etter at ei oppstartsgruppe hadde delteke på kurs om skulefråvær i Oslo.
– Den gamle rettleiaren var mindre dynamisk og hadde lite fokus på førebygging. Me ønskte ein rettleiar som i større grad tek utgangspunkt i eleven si stemme og gir rom for å forstå årsaker, ikkje berre handtera konsekvensar, forklarer Hundseid Lærdal.
Ho peikar på at ny forsking viser kor avgjerande det er å lytte til eleven, og å setja inn tiltak tidleg.
– For kvar dag ein ventar, aukar risikoen for at fråværet festar seg. Tidleg innsats kan ikkje koma tidleg nok, seier ho.
Engasjert arbeidsgruppe: Frå venstre: Torild Molland (einingsleiar Enge barnehage), Sonja Hundseid Lærdal (leiar PPT), Gro Anett Espevoll (einingsleiar Ølen skule) og Merete Djuve (einingsleiar ved Vikedal skule). Åse Hjelmervik (spesialpedagogisk koordinator og lærar ved Skånevik skule) var ikkje tilstades når biletet blei tatt, men har vore ein viktig del av arbeidet.
Kristine Thorsen Eikeland
Elevmedverknad og foreldreperspektiv
Eit viktig grep i arbeidet har vore å ta med føresette tidleg i prosessen.
– Foreldra sit på verdifull kunnskap og står ofte i krevjande situasjonar prega av både uro og skam. Det var heilt nødvendig å få med deira perspektiv for å laga ein rettleiar som faktisk fungerer i praksis, seier Hundseid Lærdal.
Gro Anett Espevoll, einingsleiar ved Ølen skule, understrekar at dette har gitt ein meir realistisk og anvendeleg rettleiar.
– Denne rettleiaren møter både pedagogar og føresette på ein heilt annan måte enn før. Han legg til rette for god dialog, felles forståing og tydelege forventningar, seier Espevoll.
Nyttig rettleiar: Einingsleiar ved Ølen skule, Gro Anett Espevoll, påpeikar at den nye rettleiaren legg rette for god dialog.
Kristine Thorsen Eikeland
Tidleg innsats – ein felles innsats
Alle skulane i Vindafjord og Etne jobbar systematisk med fråvær, og den nye rettleiaren styrkjer samanhengen mellom kartlegging, tiltak og oppfølging.
– Tematikken skulefråvær blir no løfta heilt frå første klasse, både i pedagogmøte og i dialog med føresette, seier Merete Djuve, einingsleiar ved Vikedal skule.
Ho peikar på at lærarane har blitt meir merksame på tidlege teikn, og på kva ansvar dei sjølve har.
– Jo tidlegare me set i gang, jo større sjanse har me for å snu utviklinga. Ventar me for lenge, blir arbeidet både meir krevjande og meir ressurskrevjande, seier Djuve.
Tverrfagleg samarbeid avgjerande
Skulefråvær krev ofte innsats frå fleire tenester. Rettleiaren er derfor tett kopla til eksisterande strukturar som BTI-modellen og tverrfaglege ressursteam.
– Skulefråvær kan vera starten på større utanforskap. Då er det avgjerande at skule, PPT, helsetenester og barnevern jobbar i lag, med klare roller og felles mål, seier Torhild Molland einingsleiar ved Enge barnehage.
Ho understrekar at dette ikkje er arbeid ein kan stå åleine i.
– Dette er noko av det mest komplekse og sårbare me jobbar med i skulen. Det krev eit lag rundt eleven – og det laget må fungera, seier Molland.
Digital, fleksibel og praksisnær
Ein viktig nyheit er at rettleiaren er digital. Det gjer den både fleksibel og praksisnær.
– Når ein rettleiar berre ligg i papirform, blir han oftare liggjande i ei hylle. No kan ein enkelt klikka seg fram, finna det ein treng i den aktuelle fasen og følgja saka steg for steg, forklarer Hundseid Lærdal og legg til:
– Prosjektgruppa rettar ein stor takk til kommunikasjonsrådgjevar Kristine Thorsen Eikeland, som har gjort det mogleg med digital utgåve som aukar tilgjengelighet, då den også er fin å bruke i mobilversjon.
Pexels
Rettleiaren inneheld mellom anna:
- tydelege definisjonar på fråvær
- prinsipp for førebyggjande arbeid
- handlingsplan for oppfølging
- verktøykasse for kartlegging, elev- og foreldresamtalar
- tiltak for tilbakeføring til skulen
– Me har fått svært gode tilbakemeldingar frå både pedagogar og føresette. Rettleiaren opplevast som nyttig, forståeleg og relevant, seier Espevoll.
Eit samarbeid på tvers av kommunar
Rettleiaren er utvikla i eit interkommunalt samarbeid mellom Vindafjord og Etne kommune, noko alle er samde om har styrkt kvaliteten.
– Dette har vore eit spennande og utviklande samarbeid. Når me jobbar på tvers, lærer me av kvarandre og får eit meir robust grunnlag for arbeidet, avsluttar Espevoll.
Her finn du den nye rettleiaren