Ny kommunalsjef for samfunnsutvikling på plass

Ny kommunalsjef for samfunnsutvikling Halfdan Krohn Brekke hadde i dag sin første dag som medarbeidar i Vindafjord kommune. Han gler seg veldig til denne nye utfordringa og ser fram til å koma i gong. 

Her står vår nye kommunalsjef for samfunnsutvikling, Halfdan Krohn Brekke, utanfor sitt nye kontor på rådhuset. Nils Erik Eide

Krohn Brekke kjem frå stillinga som avdelingsleiar i Haugesund for BATE boligbyggerlag. Han har den siste tida vore konstituert som kommersiell direktør i selskapet. Han har og erfaring fra Haugesund kommune, som sakshandsamar, rådgjevar og fagleiar for eining for byutvikling, samt rådgjevar for teknisk direktør. Halfdan er busett med sambuar og to barn i Haugesund. 

- Eg gler meg veldig til denne nye utfordringa. Eg vil bruke den første tida til å bli kjend med dei som eg er leiar for og som rapporterer til meg. Eg må også setja meg inn i system og rutinar, seier han før kommunedirektør Yngve Folven Bergesen tek han med på ei omvisning på rådhuset. 

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen Nils Erik Eide

- På onsdag vil eg ta Halfdan med på ein rundtur i for å vise han denne flotte kommunen vår, seier Folven Bergesen, som ser fram til å få Krohn Brekke i si leiargruppe. 

Første dag og møte i kommunedirektøren si leiargruppe for ny kommunalsjef. F.v: Yngve Folven Bergesen, Sigurd Gjerdevik, Kristin M. Dahle og Halfdan Krohn Brekke. Vegard Bang på ferie og Nils Erik Eide var fotograf. Nils Erik Eide

Les også: Ny kommunalsjef