Nær 16,9 millionar i spelemidlar til Vindafjord i 2026

Vindafjord har fått 16 856 000 kroner i spelemidlar til idretts- og nærmiljøanlegg i 2026. Midlane skal leggja til rette for meir aktivitet, betre folkehelse og gode møteplassar i lokalsamfunna.

Kvart år fordeler Rogaland fylkeskommune ein sum med pengar som er satt av til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet i fylket. 

Desse spelemidlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping, og målet er å bidra til gode møteplassar, betre folkehelse og meir aktivitet i lokalsamfunna. 

I år har totalt 220 271 000 kroner blitt fordelt i Rogaland, og Vindafjord har fått tildelt 16 856 000 kroner av desse.  

Her er ei oversikt over anlegga som har fått spelemidlar i år:

Les meir om årets tildeling i Rogaland fylkeskommune her

Har du planar om å søkja spelemidlar for 2027?

Då må anlegget vera med i det prioriterte handlingsprogrammet for Vindafjord kommune.

Frist for å koma med innspel er 15.juni 2026. 

Frist for å søkja spelemidlar er 15.oktober. 

Meir info her: 

Søknad om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - Vindafjord kommune