Nær 10 millionar i spelemidlar til Vindafjord i 2025

Vindafjord kommune er tildelt nær 10 millionar i spelemidlar for 2025. 

Midlane går til ulike anlegg for idrett og fysisk aktivitet i kommunen, og er eit viktig bidrag til å skape gode møteplassar og tilrettelegging for både barn, unge og vaksne.

Denne veka var det offisiell opning av den nye fleirbruksbanen i Vikebygd, som er eitt av anlegga som har fått støtte i år. 

Opninga vart markert med grilling, volleyball og snorklipping, der både store og små tok anlegget i bruk. 

Ungdommar som spelar volleyball - Klikk for stort bilete Anita Skeie Vormestrand

Kulturavdelinga i Vindafjord kommune var representert under markeringa.

Bak slike prosjekt ligg det mykje innsats frå eldsjeler og frivillige i lag og organisasjonar. Deira engasjement og arbeid er avgjerande for å få realisert anlegg som kjem heile lokalsamfunnet til gode.

Prosjekt i Vindafjord som fekk spelemidlar i 2025

Ifølgje oversikta frå Rogaland fylkeskommune, fekk desse prosjekta støtte i 2025:

  • Vindafjord kommune – Vindafjordhallen (symjebasseng): 6 250 000
  • Ølen aktivitetspark – båthus/lager (Vindafjord Jakt og Fiskelag): 186 000
  • Ølensvåg skule – gapahuk (Vågen bygdasenter AS): 162 000
  • Skjold småbåthamn – stupetårn (Skjoldar IL): 216 000
  • Skjold småbåthamn – sanitæranlegg (Skjoldar IL): 356 000
  • Ølen sykkelpark – hoppeløype (Ølen Idrettslag): 670 000
  • Lager- og garderobebygg ved Sandeidbanen (Vindafjord Idrettslag): 650 000
  • Tursti Vikaneset–Likvika–båthavna (Skjoldar IL): 500 000
  • Vikebygd idrettslag – fleirbruksbane: 277 000
  • Ølen skule – hinderløype (Vindafjord kommune): 300 000
  • Vikedal skule – balløkke (Vindafjord kommune): 150 000
  • Ølen skule – streetbasket (Vindafjord kommune): 120 000
  • Ølen skule – gapahuk (Vindafjord kommune): 120 000

Totalt summerer dette til rett under 10 millionar i spelemidlar frå Rogaland fylkeskommune til ulike idretts- og trivselstiltak i Vindafjord kommune.

Søknadsfrist for spelemidlar til 2026

Neste frist for å søkja spelemidlar for tildeling i 2026 er 15. oktober 2025. Dette er fristen for å senda inn heile søknaden via elektronisk skjema på Anleggsregisteret.no.

Det er viktig å setje seg inn i retningslinjene om du skal søke: 
https://www.vindafjord.kommune.no/kultur-og-fritid/tilskot-prisar-stipend/spelemidlar/