Krigen i Ukraina - Kva gjer Vindafjord kommune?

Vindafjord kommune følger flyktningsituasjonen i Ukraina tett. Integreringstenesta ved NAV Vindafjord-Etne koordinerar busetting av flyktningar i kommunen. Vindafjord kommune busetter flyktningar frå både Ukraina og andre land etter avtale med Integrering og mangfaldsdirektoratet.  

Alexandra_Koch@Pixabay

Ansvarleg for flyktningarbeidet

Integreringstenesta koordinerer flyktningarbeidet i Vindafjord kommune.

Kontakt avdelingsleiar for integreringstenesta, Miriam Aareskjold dersom du har spørsmål eller innspel. Ho kan nås på telefonnummer 41 28 77 22, eller e-post miriam.aareskjold@nav.no.

Korleis melder eg frå om ledig bustad?

Registrering av flyktningar

Nasjonalt Ankomstsenter i Råde kommune er i utgangspunktet første stoppestad for asylsøkarar som kjem til Norge. Ankomstsenteret ligg under Utlendingsdirektoratet (UDI).  

Ukrainarar med familie og vener i Noreg kan på eiga hand ha funne privat innkvartering i ein bustad. Dei treng ikkje å reisa til Nasjonalt Ankomstsenter for å registrera seg.

Flyktningane må snarast mogleg ta kontakt med Sør-Vest politidistrikt ved Jæren politistasjon for registrering og søknad om kollektiv beskyttelse.

Informasjon frå politiet om situasjonen i Ukraina. 

Busetting av flyktningar som finn bustad på eiga hand. 

Når flyktningane har registrert seg, kan kommunen avtala busetting med IMDi (integrerings- og mangfaldsdirektoratet). Dette vil gje den enkelte person rett til norskopplæring og introduksjonsprogram, og kommunane vil få rett til integreringstilskot.

Søknad om asyl utløyser også utvida rettar i forhold til helse- og sosialtenester.

Kven gjer kva?

  • Politiet registrerer søknadar om asyl.
  • UDI gir vern og sørger for innkvartering i ulike mottakssenter.
  • IMDi koordinerer busetting- og integreringsarbeidet.
  • Kommunane gir tenester til dei som bur i mottak eller akuttinnkvartering, og buset og integrerer flyktningar etter avtale med IMDi.