Har du bustad til flyktningar?

Vindafjord kommune skal busetta fleire flyktningar i 2024, og ynskjer å komma i kontakt med huseigarar som har bustadar til leige. 

karishea@Pixabay

Flyktningane kjem frå både Ukraina og andre land. Det er i hovudsak behov for bustadar med eitt til tre soverom. Det er for tida ekstra behov for bustadar som er tilrettelagt for rullestol og som tillèt husdyr. Det er ynskjeleg med bustadar som er i gåavstand til skule/barnehage og butikk. Bustadar i alle byder blir vurdert.  

Vindafjord kommune takkar alle huseigarar som allereie har tatt kontakt og tilbydd utleige av bustad. Me har no behov for å oppdatera oversikta over kva som er ledig. Det vil vera behov for bustadar gjennom heile året.  

Dersom du har ein bustad som kan leigast ut er det fint om du sender ein e-post til trude.enge@nav.no. Du kan og ringa 94 15 03 83

Me ønsker at e-posten inneheld følgande informasjon: 

  • Namn, telefonnummer og e-post til huseigar
  • Adressa til utleigebustad
  • Tal på soverom
  • Møblert, delvis møblert eller umøblert
  • Varmekjelder i bustaden
  • Tidspunktet det er ledig frå
  • Pris, med eller utan straum
  • Internettilgang
  • Avstand til næraste busstopp
  • Avstand til daglegvarebutikk
  • Avstand til barnehage og skule
  • Er bustaden eigna for barnefamiliar?
  • Er bustaden tilrettelagt for rørslehemma?
  • Er det tillatt med kjæledyr?

 

Retningslinjer for utleige av bustadar til flyktningar