Kommuneoverlegen si oppsummering veke 44

Vindafjord har denne veka hatt dei høgaste smittetala sidan pandemien byrja. Me har utbrot kring ei bedrift i kommunen, og utover veka har smitten spreidd seg til fleire bygder og i dei fleste aldersgrupper.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bilete– Det er neppe realistisk å fjerna all smitte, men om ein føl råda vil me ha større sjanse til å nå målet om minst mogleg smitte i kommunen, skriv kommuneoverlege Terje Kleiven. Ellen Marie Hagevik

Ein av grunnane til at me oppdagar meir smitte er stor testaktivitet. I tida etter gjenopninga har det nok vore ein del skjult smitte i samfunnet. Med stor vaksinedekning har ikkje denne smitten hatt store konsekvensar. I Vindafjord er vaksinedekninga om lag 86 prosent i målgruppene. Barn under 12 år er som kjent uvaksinerte.

Det har gått lang tid sidan dei første fekk vaksinene sine. I tillegg fekk dei to dosar med kort intervall, noko som kan gje litt svakare dekning mot infeksjon. Me er godt i gang med tredje vaksinedose til dei som fekk vaksinen i mars-april i år.

Me har sett at ein stor del av dei som er smitta dei siste vekene er uvaksinerte. Dette er noko som uroar oss, sidan uvaksinerte har større risiko for alvorleg sjukdomsløp. Til no har me hatt tre vindafjordingar innlagt på sjukehus siste veka.

Forsterkar råd for å redusera smitte

Når me nå forsterkar råda til befolkninga, er det med tanke på å redusera smitten. Dette spesielt blant uvaksinerte. Det er neppe realistisk å fjerna all smitte, men om ein føl råda vil me ha større sjanse til å nå målet om minst mogleg smitte i kommunen.

I dag har me smitte i nesten alle bygder. Dette inkluderer også mange av skulane. Det er eit mål i seg sjølv å unngå at dei yngste får alvorleg sjukdom. Kommunen innfører neste veke gult nivå i barnehagar og skular.

Oversikt over gjeldande smittvernråd i Vindafjord kommune

RS-virus og forkjølingsvirus

Det er spesielt viktig at ein held seg heime ved luftvegsplager. I tillegg til den store auken i covid-19-smitte er det aukande smitte av andre virusinfeksjonar, inklusive RS-virus. RS-virus råkar dei aller minste barna hardast. Litt eldre barn og vaksne får berre moderate forkjølingssymptomer av dette viruset.

Me ser også at dei fleste forkjølingssvirus gir forlenga sjukdomsperiode. Det er ikkje uvanleg at virusbronkittar varer i 2-3 veker før dei går over av seg sjølve. Er ein i god allmenntilstand og berre har restsymptom med negativ covid-test, kan ein gå på jobb og skule.

Om plagane ikkje er i betring, eller om ein opplever forverring etter 5-7 dagar, kan ein kontakta fastlegen sin. Alle tre legekontora i kommunen er i vanleg drift, men der er noko redusert kapasitet på grunn av vakansar og stor pågang. Dei fleste fastlegane i kommunen kan ein og konsultere med e-konsultasjon eller e-melding på Helsenorge.no.

Ta influensavaksine

Influensasesongen står for døra, og eg vil sterkt råda personar i risikogrpppene til å vaksinera seg. Dette er gruppene som vert prioritert for influensavaksine:

Barn og vaksne i medisinske risikogrupper:

  • personar over 65 år
  • bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
  • barn, unge og vaksne med ulike kroniske sjukdommar
  • personar med kroppsmasseindeks over 40
  • gravide i 2. og 3. trimester
  • Ny gruppe: barn frå seks månedar til fem år som er født prematurt, spesielt barn født før veke 32 i svangerskapet

Andre målgrupper:

  • helsepersonell og andre tilsatte i helse- og omsorgstemester med pasientkontakt
  • dei som bur saman med personar med nedsett immunforsvar
  • svinerøktarar og andre personar med jamnleg kontakt med levande grisar.

Avgjerande å følga smittevernråda

Oppsummert er det slik at om dagens smittenivå av koronaviruset hadde vore i ei lite vaksinert befolkning, ville me måtta innføra minst like strenge tiltak som tidlegare i pandemien. Konsekvensane av smitte er mindre når mange er vaksinerte, men er på ingen måte noko å bagatellisera.

Det er difor avgjerande at ein nå føl smitteråda i kommunen. Då er det stor sjanse for at me kan få ein normal seinhaust, og dei fleste aktivitetar kan gå som normalt fram mot jul. Skulle smitten auka, og spesielt om me får fleire alvorleg sjuke dei neste vekene, vil me vurdera å forskriftsfesta råda, og eventuelt forsterka tiltaka.

Terje Kleiven,
kommuneoverlege