Karantenestemming på valdagen

Du har rett til å stemma sjølv om du er i karantene eller isolasjon, men du skal ikkje møta opp i våre ordinære vallokale den 13. september. 

Klikk for stort bileteKarantenestemming ved teststasjonen i Ølen Sølvi Frøyland Haraldseid

Er du i karantene eller har symptom på sjukdom kan du stemma på koronateststasjonen i Ølen, Rådhusplassen 32, på dette tidspunktet:

  • Måndag 13. september klokka 16.00 - 18.00

Er du i isolasjon på valdagen, kan du kontakta servicetorget på telefon 53 65 65 65 innan klokka 10.00 på valdagen 13. september for å få stemma heime.

Husk å ta med gyldig legitimasjon, som førarkort, bankkort med bilete eller pass. Valkort aleine er ikkje nok.

Val 2021 i Vindafjord