Inspirerande IKT konferanse

Sist veke var ein delegasjon frå Vindafjord på nasjonal konferanse om IKT i utdanning og læring i Trondheim i samband med revidering av overordna IKT plan for oppvekst.

Delegasjonen frå Vindafjord på NKUL 2023 Vidar Alfarnes

NKUL, nasjonal konferanse for IKT i utdanning og læring, er ein årleg konferanse som vert arrangert i Trondheim. Her blir nye retningar innan IKT presentert i form av førelesingar og parallellsesjonar som deltakarane valde sjølve. Det var også mange standar som leverandørar hadde i vrimlearealet på NTNU sitt realfagbygg.

Det var mange presentasjonar i løpet av dagane på NKUL, her frå opningsføredraget i storsalen på NTNU. Nils Erik Eide

Vindafjord kommune var representert med eit breitt spekter av tenester innan oppvekstområdet på denne konferansen. I 2018 vart pedagogisk plan for IKT i Vindafjordskulen vedtatt, og i år skal altså planen reviderast. I den samanheng vil også barnehagane, kultur og læring, PPT i tillegg til skule vera med i planen. Difor reiste kommunen med medarbeidarar frå desse ulike tenestene. IKT rettleiarane på den enkelte skule var godt representert. Tverrfagleg arbeid er også veldig viktig å ta høgde for i den digitale utviklinga, difor vart også oppvekstkoordinator med på konferansen. 

Det var også lagt til rette for refleksjon i eige konferanserom, med tema overordna IKT plan. 

Refleksjon vart det også tid til i eige konferanserom på NTNU. Nils Erik Eide

Arbeidet med IKT plan er altså i gong, det er IKT og utviklingsrettleiar Pål Askvig som fører den i pennen med god hjelp av representantar frå alle dei ovannemnde tenestene. Planen skal opp til politisk behandling i haust i samband med budsjettet. 

Med så mange deltakarar frå ein kommune så var gjengen veldig synlege, noko som førte til at Skolemagasinet ville lage ein reportasje om Vindafjord kommune på NKUL og arbeidet med overordna IKT plan. Det same vart gjort i 2018, då kommunen var i startgropa for den pedagogiske IKT planen i Vindafjordskulen. 

Journalist Vidar Alfarnes, Skolemagasinet, intervjuar eit utval av Vindafjord kommune sine deltakarar. Nils Erik Eide

Turen til Trondheim blei finansiert av eit kompetansefond som oppvekst disponerer. Kommunalsjef Oppvekst søkte kommunedirektøren si leiargruppe om å få nytta delar av fondet til denne turen. Dei behandla og vedtok søknaden om støtte til turen. Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen ser det som viktig at ein er med i den digitale utviklinga i oppvekst.
 
- Det er viktig at dei som jobbar i oppvekst får god kunnskap om kva som er nytt og nyttig i IKT utviklinga. Det er flott at me har moglegheit til å reise med så mange på denne viktige konferansen. Denne utviklinga med IT går fort og me må hengja med. Eg ser fram til den nye reviderte planen kjem. 

Einaste “skår i gleda” var at det var så mykje skodde på flyplassen på Karmøy at flyet måtte snu og lande på Sola flyplass. Dette medførte at heimturen frå konferansen blei lengre enn planlagd. Det blei buss heim frå Sola og innom Karmøy før gjengen kunne setja kursen til heimen og sofaen heime etter ein vellukka konferanse. 

Heimturen blei litt lengre enn planlagd grunna skodde på Karmøy. Her står gjengen og ventar på bagasjen på Sola før bussen kjøre dei heim. Nils Erik Eide

På nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring

Les meir om NKUL her