På nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring

Neste veke reiser ein delegasjon frå oppvekst til Trondheim på NKUL. Dette i samband med revidering av pedagogisk IKT plan for Vindafjordskulen, ein plan som blei politisk vedtatt i 2018.

Rektorar, inspektørar og eigar m.fl frå NKUL 2022 Nils Erik Eide

Planen har sidan 2018 hatt mindre revideringar undervegs. No er det dags for ei større revidering skal no gjelda frå hausten 2024, denne gong også med barnehage og kultur/læring med. I 2018 blei altså denne planen vedtatt i kommunestyret, i den samanheng reiste IKT rettleiarar og skuleleiinga saman med eigar på NKUL, som er ein nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring. Hausten 2024 skal den på ny opp til politisk behandling. I vedtaket frå 2018 stod det i vedtaket at planen må opp til politisk behandling dersom det er større økonomiske endringar. På desse åra har det kome ny læreplan i skule og ikkje minst så har utstyr og programvare blitt dyrare, så difor må den altså opp til ny behadling. I åra mellom 2018 og 2024 har det ikkje vore behov for anna enn små revideringar fortløpande.

I år blir delegasjonen enda større enn i 2018 då også barnehagane og kultur/læring skal vera med. Kommunen reiser med 30 stk til saman. Reisa vert dekka av eit kompetansefond som oppvekst disponerer. Kommunedirektøren si leiargruppe har behandla og vedtok søknaden om støtte til turen. 

- Det er viktig at dei som jobbar i oppvekst får god kunnskap om kva som er nytt og nyttig i IKT utviklinga. Det er flott at me har moglegheit til å reise med så mange på denne viktige konferansen. Denne utviklinga med IT går fort og me må hengja med. Eg ser fram til den nye reviderte planen kjem, seier kommunedirektør Yngve Folven Bergesen.

Vindafjord har delteke på NKUL kvart år etter 2018 (med unntak av 2020 og 2021 grunna Covid-19) men då har det stort sett vore eigar og leiarar i skule som har reist. Konferansen har vore veldig nyttig i arbeidet med den digitale utviklinga i Vindafjordskulen. 

I år reiser altså representantar frå skulane (rektor og IKT rettleiar), barnehagane (styrarar), Kultur/læring (kulturskulen og vaksenopplæringa), oppvesktkoordinator og barnehage- og skuleeigar.

Pedagogisk IKT plan for Vindafjordskulen 2021-2024 

Grannar "Tok med 20 til Trondheim" (02.06.18)

Skolemagasinet "Vindafjord på offensiven" (09.06.18)

Les meir om NKUL her