I år kan du registrera turane digitalt

Har du tenkt deg ut på tur i pinsehelga? Me anbefaler å gå ein eller fleire av dei 15 turane til Ut på tur i Vindafjord. Nå kan du senda inn kodeorda på papir eller digitalt skjema.

Det digitale skjemaet blei lansert fredag. Du kan ikkje legga inn tur for tur, men må samla opp kodeorda og legga dei inn samla.

Det er derfor lurt å lasta ned den flotte turbrosjyra om du ikkje har den liggande i papirformat. Den finn du her saman med digitalt skjema under turoversikta.

Vel du digital registrering, kan du ikkje senda inn kodeorda på papir.

Du kan gå 9 turar, 6 turar (lettare turar) eller alle turane. Går du alle turane (9, 6 eller 15) i perioden 26. mars til 31. oktober, er du med i trekninga om gåvekort.

God pinsehelg og god tur!