Haustferie i Vindafjord – ei veke full av opplevingar

Skal du tilbringa haustferien i Vindafjord? Då kan du gle deg til ei veke med aktivitetar, opplevingar og gode møteplassar for både barn, ungdom og vaksne.

Jente med haustblad framføre ansiktet - Klikk for stort bilete Pexels

På Frønsdal Aktivitetsgard blir det Camp Vindafjord med hest og kjerre, bogeskyting og leik – ein aktiv dag ute i naturen for dei yngste.

Plakat med haustferieprogram - Klikk for stort bilete Vindafjord kommune

Biblioteket inviterer til ei heil veke med filmvisingar, høgtlesing, forfattarbesøk og VR-briller – og avsluttar med bursdagsfeiring for Mummitrollet!

Plakat med haustferieprogram - Klikk for stort bilete Vindafjord kommune

I tillegg kan du ta turen til Vindafjordhallen for bading og moro.

Bestill billettar her

Badeanlegget i Vindafjordhallen - Klikk for stort bileteBadeanlegget i Vindafjordhallen Kristine Thorsen Eikeland


Minner òg om at Bølgja for eldre vert arrangert i desse dagar (sjå plakat).

Plakat med haustferieprogram - Klikk for stort bilete Vindafjord kommune

Sjekk ut kva som skjer i aktivitetskalenderen – kanskje finn du eit lokalt arrangement, ein konsert eller ei utstilling?

Arrangementskalender her

Har du tips om fleire kjekke ting som skjer i haustferien?

Send dei til: 📧 kommunikasjon@vindafjord.kommune.no

Lag og organisasjonar kan leggja inn arrangement i aktivitetskalenderen vår:

https://www.vindafjord.kommune.no/kultur-og-fritid/lag-og-organisasjonar/