Retningslinjer for utleige av bustadar til flyktningar

Informasjon til huseigarar som vurderar å leige ut bustad til nybusette flyktningar

Korleis fungerer det?

Vindafjord kommune og Etne kommune er ansvarlege for å skaffe leigebustadar til flyktningar som skal busetjast i kommunane. Det er integreringstenesta ved NAV Vindafjord - Etne som har dette mynde for begge kommunane. Integreringstenesta inngår husleigekontrakt for bustadar i førekant av at flyktningane kjem til kommunen. Integreringstenesta avgjer kven som skal bu i bustaden. Kort tid etter busetting skal det lagast ein ny husleigekontrakt mellom utleigar og flyktningen. 

 

Husleigekontrakt

Utleigar vel kva husleigekontrakt som skal nyttast. Integreringstenesta tilrår å nytta forbrukarrådet sin kontrakt dersom ikkje utleigar har andre ynskjer.  

Det er ynskjeleg med betalingsfrist den 12. i kvar månad.

Det er ynskjeleg med tidsubestemte avtalar.

Utleigar kan i kontrakten krevje garanti på inntil tre månadars husleige av NAV Vindafjord -Etne. Det er flyktningen som sjølve må søke om dette hos NAV. 

 

Husleige

Det er utleigar som avgjer husleiga. Integreringstenesta oppmodar om å følgje marknadspris. Kommunen betalar husleiga før flyktningane kjem, og den første tida etter busetting. Vidare betalar flyktningane sjølv når dei startar å få inntekt. 

Endring av husleiga må følgja husleigelova. 

 

Straum og internett

Utleigar vel om straum skal vera medrekna i husleiga eller ikkje. Dersom straumen er utanom bør det vera eigen straummålar i bustaden. 

Det er svært ynskjeleg at internett blir medrekna i husleiga og at dette oppkopla når flyktningen flytter inn i bustaden. 

 

Inventar

Det er ynskjeleg at bustaden har mest mogleg av naudsynt møblering og inventar. Utleigar bør sørgje for at det følgjer med inventarliste til husleigekontrakten.

 

Oppfølging av bustaden

Det er forventa at utleigar følgjer opp bustaden og leigetakar på same måte som ein ville gjort med andre leigetakarar. Integreringstenesta sørgjer for bustadoppfølging etter behov.