Handlingsplan for busetting, integrering og kvalifisering av flyktningar

Vindafjord kommune har vedteke ny handlingsplan for busetting, integrering og kvalifisering av flyktningar for perioden 2024 til 2027.

Mange hender oppå hverandre - Klikk for stort bilete jarmoluk@Pixabay

Arbeidet med integrering av flyktningar er omfattande, skiftande og skjer på tvers av mange einingar i kommunen. Intensjonen med ein handlingsplan er å ha eit samla dokument som tar føre seg heile busettings-, kvalifiserings-, og integreringsarbeidet av flyktningar i kommunen. 

Ved å arbeida ut i frå felles definisjonar, mål og strategiar har kommunen eit godt utgangspunkt for arbeidet dei neste år. Handlingsplanen er oppbygd slik at ein først får ei skildring av korleis ulike tenester arbeidar med flyktningar etter ulike fagområde, før ein får ei oversikt over utfordringar med tilhøyrande mål og tiltak for 2024 til 2027. Vedlagt til handlingsplanen finn ein definisjonar og nyttige lenker. Planen er revidert gjennom innspelsmøter for kvart av fagområda. Planen vart endeleg godkjent i kommunestyret i mars 2024. 

Handlingsplan for busetting, integrering og kvalifisering av flyktningar i Vindafjord kommune 2024-2027

Nettlenke til integreringstenesta