Ungdomsrådet

Ungdomsådet skal bidra til at ungdom blir sikra breid, open og tilgjengeleg medverknad i alle saker som gjeld dei.

Frå møte i ungdomsrådet Nils Erik Eide

Rådet tar ikkje opp saker som gjeld einskildpersonar, men saker av prinsipiell karakter som vedkjem ungdom som gruppe. Ungdomsrådet skal gi råd til kommunen slik at kommunestyret har eit betre grunnlag for sine avgjersler. Ungdomsrådet skal inspirera ungdom i Vindafjord til å delta i den demokratiske prosessen og engasjera ungdom i praktisk politisk arbeid.

Ungdomsrådet skal fremja aktiviteter, skapa idear og saman med andre organ arbeida for nye tiltak til gagn for ungdom.

Ungdomsrådet kan behandla saker innan ulike område, for eksempel:

  • kultur- og fritidstilbod
  • skulesaker
  • helsetilbod
  • samferdsel og kollektivtilbod
  • miljøsaker
  • kommunen sitt årsbudsjett og økonomiplan
  • arealplanlegging
  • kommuneplanar

Ungdomsrådet består av 7 medlemmer med 5 varamedlemmer
Medlemmene kan veljast blant ungdom mellom 13 og 18 år.

Valperioden for ungdomsrådet er to år. Nytt råd skal veljast kvar haust etter at kommunestyre- og fylkestingsval, eller stortingsval er gjennomført.

Bli med i ungdomsrådet

Møteplan og medlemmer

Reglement ungdomsrådet (PDF, 756 kB)