Frå 10. august kan du førehandsrøysta

Du kan førehandsrøysta frå 10. august til og med 8. september. I denne perioden kan du røysta i vallokaler over heile landet.

Hugs å ta med legitimasjon når du skal røysta.
Røystegjevinga går raskare om du òg har med valkort.

Stad og tid for førehandsrøysting i Vindafjord kommune

Stad og tid for førehandsrøysting i Vindafjord kommune
Stad Dato Klokkeslett
Vindafjord rådhus 10.08. til 08.09. 08.30 - 15.00
Vindafjord rådhus 05.09. og 07.09. 08.30 - 20.00
Vindafjord rådhus 02.09. 11.00 - 14.00
Vikedal bygdahus 02.09. 11.00 - 14.00
Skjold Arena 02.09. 11.00 - 14.00

Førehandsrøysting ved institusjonar og skular i Vindafjord kommune

Førehandsrøysting ved institusjonar og skular i Vindafjord kommune
Stad Dato Klokkeslett
Ølen omsorgssenter 29.08. 09.00 - 11.00
Vindafjordtunet 29.08. 13.00 - 15.00
Psykiatrisk dagsenter Sandeid 01.09. 12.30 - 14.00
Sandeid fengsel 31.08. 09.00 - 11.00
Ølen vidaregåande skule 06.09. 11.00 - 13.00
Lundeneset VGS 31.08. 13.00 - 15.00

Heimerøysting (ambulerande røysting)

Veljarar som er for sjuke til å ta seg fram til eit vallokale har krav på å få røysta heimefrå. Frist for å søka om heimerøysting er innan torsdag 07. september klokka 10.00. Det er ikkje krav om skriftleg søknad. Du kan ringa vårt servicetorg på telefon 53 65 65 65 eller sende e-post og be om å få røysta heimefrå. 

Meir om  Val 2023.

Fleire opplysningar om førehandsrøysting og valet generelt kan du få med å kontakte oss
på tlf. 53 65 65 65 eller e-post postmottak@vindafjord.kommune.no.