Bak tala skjuler det seg mange ulike historier om menneske som har valt å gjera Vindafjord til heimstad.
Ein av dei nye familiane er Ina Aispure og familien hennar, som nyleg flytta til Bjoa frå Latvia.
Ina Aispure og familien har funne seg til rette på Bjoa etter flytting frå Latvia.
Ina Aispure/privat
49 nye innbyggjarar på eitt kvartal
Familien er ein av dei 49 nye innbyggjarane som har kome til Vindafjord sidan førre kvartal.
– Me er ein familie på fem som nyleg har flytta til Bjoa. Me kom hit med tre barn, mange esker, store forventningar, og kanskje aller mest eit håp om å finne ein stad som kunne kjennast som heime, fortel Ina.
Etter kort tid kjende familien at dei hadde kome til rett stad.
– Me hadde ikkje budd her lenge før me byrja å forstå at me hadde valt rett.
Eit stort steg
For Ina har flyttinga vore eit stort steg.
– Det å flytte heile familien til eit nytt land var eit stort steg. Eg visste ikkje heilt kva som venta oss. Men allereie no kjenner eg på ei sterk takksemd for at livet førte oss akkurat hit.
Ina Aispure
Møtt med venlegheit, hjelpsamheit og dugnadsånd
Det er særleg menneska og fellesskapet som har gjort inntrykk.
– Det som har gjort sterkast inntrykk på oss, er menneska. Venlegheita, hjelpsamheita og den fantastiske dugnadsånda. Me har møtt menneske som har opna dørene sine for oss, hjelpt oss, inkludert oss og fått oss til å kjenne oss velkomne, sjølv om me er nye og framleis lærer språket og korleis livet fungerer her, seier ho.
Familien sine tre barn har byrja på den nye Montessori-skulen i Bjoa, noko Ina meiner har gjort starten ekstra spesiell.
– Det kjennest nesten som om me ikkje berre har flytta til ein ny stad, men at me har fått vere med på å byrje eit lite nytt kapittel i historia til Bjoa.
Ønskjer å bidra tilbake til lokalsamfunnet
Familien ønskjer også å bidra i lokalsamfunnet.
– Me håpar å kunne bidra tilbake til dette samfunnet med det me kan: kreativitet, idear, arbeid, kjærleik og engasjement.
Ina arbeider innan marknadsføring og audiovisuell innhaldsproduksjon, og fortel at ho brenn for å fortelja historiar om menneske og stader.
– Difor synest eg også det er veldig fint at kommunen ønskjer å bli kjend med dei nye innbyggjarane sine, seier ho.
Ina Aispure
Vil koma i kontakt med fleire nye vindafjordingar
Har du flytta til Vindafjord, eller kjenner du nokon som har gjort det? Då vil me gjerne høyra historia di. Send gjerne ein e-post:
kommunikasjon@vindafjord.kommune.no
– Tusen takk for at de ønskjer oss velkomne. Me gler oss til å bli betre kjende med Vindafjord, menneska og alle dei små historiene som gjer denne staden til ein heim, seier Ina.
Flytta til Vikebygd
Før sommaren møtte me familien Ødegård Furnes, som har funne seg godt til rette i Vikebygd.
Her kan du lese meir om deira reise
Marte, Sofia og Torjus Ødegård Furnes stortrivst i Vikebygd.
Kristine Thorsen Eikeland