Fleire barnefamiliar finn vegen til Vikebygd: – Me ser jo no at dette er heilt perfekt

Vikebygd har fått eit skikkeleg løft den siste tida. Heile fem familiar med barn har flytta til bygda – og ein av dei er familien Ødegård Furnes. For Marte og Torjus kjennest det nye livet i Vikebygd heilt rett.

Det var eigentleg aldri planen at Marte og Torjus skulle flytta til Vikebygd. Dei hadde hus på Vormedal på Karmøy og hadde ingen planar om å flytta på seg. 

Marte kjem opphavleg frå Vikebygd, men har ikkje budd der på mange år. Torjus er frå Bergen og har vakse opp midt i sentrum – i det han sjølv kallar «byjungelen».

Marte, Sofia og Torjus viser fram eiendommen sin med både skog og båtbrygger - Klikk for stort bileteMarte, hunden Simba (3), Sofia (1,5) og Torjus Ødegård Furnes stortrivst i Vikebygd. Kristine Thorsen Eikeland

Ei overraskande flytting

Difor kom det som ei overrasking då det var Torjus som først byrja å snakka om å flytta til bygda.

– Eg tenkte berre: Hæ? Det hadde eg ikkje venta i det heile, fortel Marte med eit smil.

Etter fleire besøk hos familien hennar fekk Torjus meir og meir augo opp for det Vikebygd har å by på. 

Då det dukka opp eit skikkeleg draumehus på ei flott tomt, vart valet plutseleg mykje enklare.

Marte, Sofia og Torjus viser fram eiendommen sin med både skog og båtbrygger - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Naturen rett utanfor døra

Den nye heimen ligg naturskjønt til med stort uteområde, skog og sjø like ved. 

Frå huset kan familien gå ned til fleire brygger, rusla på stiar i skogen og samla seg rundt grillplassen ved gapahuken. Med stor inngjerda hage, utehus og god plass både for leik og kvardagsliv, kjende dei raskt at dette var ein stad dei kunne trivast.

Og det gjer dei.

Saman har Marte og Torjus dottera Sofia (1,5) og hunden Simba (3). 

For Sofia har livet i Vikebygd vore midt i blinken.

– Me ser jo no at dette er heilt perfekt for henne. Ho er ute nesten heile tida, seier foreldra.

Sofia har nyleg byrja i barnehagen i Vikebygd, og der stortrivst ho. Med naturen rett utanfor døra og familie i nærleiken ligg alt til rette for ein aktiv og trygg oppvekst.

Ei skikkeleg utejente

Når ein kjem på besøk til familien, er det tydeleg at både Sofia og Simba stortrivst. 

Simba spring lukkeleg rundt på eigedomen og blir gjerne med ned til sjøen. Sofia vil gjerne visa fram både tomta, båten og alt som finst å utforska.

Den dagen me er innom, er det ikkje nok å berre gå forbi båten. Sofia vil om bord. Med redningsvest på og pappa Torjus ved sida av seg, sit ho nøgd i båten og storkosar seg etter barnehagedagen. 

Marte, Sofia og Torjus viser fram eiendommen sin med både skog og båtbrygger - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Ho auser vatn, kastar blåser ut på sjøen og følgjer spent med når dei blir henta opp att. For henne er dette minst like kjekt som ein tur på leikeplassen.

Det er liten tvil om at ho har blitt ei skikkeleg utejente.

– Det er slik me ønskjer at ungane våre skal veksa opp: tett på naturen, mykje ute og med rom for å finna på ting. Det er verdiar me begge står for, seier Marte og Torjus.

Marte, Sofia og Torjus viser fram eiendommen sin med både skog og båtbrygger - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Eit bygdemiljø som inkluderer

For Marte er det også noko ekstra fint med å venda tilbake til heimbygda – no med si eiga vesle familie. 

Samstundes opplever dei at Vikebygd er ein stad der det er lett å bli teken imot, også for ein innflyttar frå Bergen sentrum.

– Folk er hyggelege her. Dei tek vare på kvarandre, har tid til ein prat og er flinke til å inkludera. Det er eit sterkt dugnadsmiljø, og det tok ikkje lang tid før me blei spurde om me kunne bidra med litt småhjelp, fortel dei.

Det er nettopp dette som gjer bygda så attraktiv for mange. 

Marte, Sofia og Torjus viser fram eiendommen sin med både skog og båtbrygger - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Vikebygd har både nærleik til naturen og eit levande lokalmiljø. Her finn ein mellom anna ein rikhaldig lokalbutikk, bakeri, aktivt idrettslag, speidar, friluftsliv, barnetrim, bondelag, revygruppe og ei rekkje små og store initiativ som skaper liv gjennom året.

Julekalender på tvers i bygda, julegateopning, utekino og sankthansfeiringa er berre noko av det som samlar folk. 

Det skjer mykje i bygda, og mykje blir til fordi folk sjølve tar initiativ og inviterer andre med.

Ro, plass og nye vanar

For familien Furnes har flyttinga også gitt ein rolegare kvardag – og meir plass til det som betyr mest. 

Dei har fått mykje for pengane, mange små prosjekt å gle seg til ute på eigedomen og eit liv tett på naturen. 

Marte har prøvd meg litt på praktiske ting både i oppveksten og i vaksen alder. Saman ser dei fram til å læra endå meir.

Sjølv om det berre tek rundt ein halvtime til Haugesund, opplever dei at byturen har fått ein annan verdi etter at dei flytta til Vikebygd.

– Før kunne me berre stikka på kjøpesenteret heile tida. No planlegg me heller ein bytur innimellom, og då blir det ekstra stas, seier Marte.

Marte, Sofia og Torjus viser fram eiendommen sin med både skog og båtbrygger - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Torjus har også fått seg ein ny vane etter flyttinga. Nesten kvar kveld går han ned til bryggja for å ta seg eit roleg kveldsbad.

– Her kan ein vera heilt i fred og berre vera i lag med naturen, seier han.

Også Simba har funne roa i dei nye omgjevnadene. 

Snart flyttar det endå ein firbeint ven inn hos familien. Katten skal sjølvsagt heita Rafiki, i ekte Løvenes konge-stil.

Her kjem det ikkje til å mangla på verken leik eller eventyr, verken for store eller små.

Marte, Sofia og Torjus viser fram eiendommen sin med både skog og båtbrygger - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Tilrår gjerne bygda vidare

Med fem nye barnefamiliar på plass er det mykje som tyder på at fleire har fått augo opp for det dei sjølve har oppdaga: Vikebygd er ein stad det er godt å bu.

– Me angrar ikkje eitt sekund. Her er det lett å leva, lett å høyra til og lett å sjå føre seg framtida, seier Marte og Torjus.