Unge veljarar er blant dei med lågast valdeltaking. Mange er likevel engasjerte.
Møt fire unge frå Vindafjord som skal stemma ved stortings- og sametingsvalet i 2025 – og bli inspirert til å bruka di eiga stemme!
Vera Gjerde og Constance Lunde er klare for å bruka stemmeretten.
Kristine Thorsen Eikeland
Sigrun Risøy (19): – Stemmeretten er eit privilegium
Sigrun Risøy skal stemma for aller første gong i haust. Men når valet kjem, har ho allereie reist til Risøya folkehøgskule, der ho skal bruka året på surfing og kiting.
– Det verkar kjekt! Eg gler meg, seier ho.
Før ho reiser, skal ho førehandsstemma. Ho har ikkje bestemt seg heilt enno, men har brukt tid på å lesa seg opp.
– Eg er einig med fleire parti, så det handlar om å velja det som er viktigast for meg. Valgomat er eit godt tips – det går fort og gir ein god peikepinn, seier ho.
Sigrun Risøy er oppteken av at unge må få større plass i samfunnsdebatten.
Kristine Thorsen Eikeland
Vil tilbake til bygda
Sigrun er oppteken av at me må bruka ressursane våre riktig, og at det må satsast på gode skuletilbod og lokalmiljø. Ho brenn for bygda, og ser for seg å flytta heim igjen ein dag.
– Det er viktig å leggja til rette for at unge vil koma heim igjen. Eg brenn for bygda og lokalmiljøet, seier ho.
Ho har erfaring som leiar i Ungdomsrådet, der ho har fått innsikt i korleis politiske prosessar fungerer.
– Det var lærerikt. Eg lærte kor mykje arbeid som ligg bak ei politisk sak, og kor viktig det er å stå i usemje og finna løysingar. Det var partinøytralt, men vi fekk seia kva vi meinte. Det var veldig nyttig.
Kristine Thorsen Eikeland
– Ungdom må få større plass i samfunnsdebatten
Sigrun peikar på at unge må få større plass i samfunnsdebatten. Det er dei som skal vidareføra og utvikla landet i framtida.
– Nokre unge tenkjer kanskje at valet ikkje er så viktig, eller at det er kjedeleg og tungt å setja seg inn i. Me lærer litt i samfunnsfag, men det er ikkje så mange arenaer der ungdom får vera med.
– Kanskje må ein bli flinkare til å nå ut til dei unge – på sosiale medium, og med saker som faktisk er relevante for oss? spør ho tankefullt.
Ho diskuterer ofte samfunnsspørsmål heime, og kjenner på kor viktig det er å følgja med.
– Det er eit privilegium å kunna stemma. Me har fridom og demokrati, men det er ikkje ei sjølvfølge. Demokrati er truga mange stader i verda – og det kan skje her òg, om me ikkje brukar stemma vår. Det er farleg å gi frå seg makta til andre. Då lèt du andre bestemma for deg.
Siri Steinsland (18): – Bruk stemmeretten – elles kan du ikkje klaga
Siri Steinsland er 18 år og skal stemma for aller første gong ved stortingsvalet. Ho har ikkje bestemt seg for kva parti ho skal stemma på enno – men at ho skal stemma, det er heilt sikkert.
– Det er viktig å vera med og påverka kva retning samfunnet skal gå i. Me har eit demokrati som fungerer – men det krev at folk faktisk brukar stemmeretten sin, seier ho.
Ho hugsar godt kva læraren sa på siste skuledag:
«Om de har gløymt alt anna eg har lært dykk, så håpar eg de hugsar denne eine tingen: Bruk stemmeretten!»
Det sit i.
Siri Steinsland har ikkje bestemt seg for kva parti ho skal stemma på enno – men at ho skal stemma, det er heilt sikkert.
Kristine Thorsen Eikeland
Oppvaksen på gard – og klar for å ta over
Siri kjem frå gard, og har vakse opp med sauer, storfe og gris. Ho er i gang med å ta lastebillappen, og har fått seg lærlingplass innan dyretransport hos Fatland. På sikt skal ho overta familiegarden.
– Eg likar å utvikla meg, og det er spennande å prøva nye ting. Det kan vera både skummelt og gøy – men det er sånn ein lærer, seier ho.
Ho jobbar òg som vikar på sjukeheim, noko som har gitt henne eit nytt perspektiv på samfunnet.
Vil ha levande lokalsamfunn og satsing på dei unge
Siri er samfunnsengasjert og har erfaring som vara i ungdomsrådet. Ho er spesielt oppteken av landbruk, distriktspolitikk og familiepolitikk – og meiner det er avgjerande å satsa på skular og gode vilkår for unge i bygdene.
– Me må ta vare på det vi har, og sørgja for at det framleis er mogleg å bu og leva gode liv i distrikta. Det handlar om fellesskap – og om framtida.
– Politikarane må nå ut til oss
Ho meiner politikarane må bli flinkare til å snakka til unge – og om saker som faktisk angår dei.
– Debattane må handla om oss òg. Det hjelper ikkje å berre snakka om billeg snus og lett fengande saker i sosiale medium. Det tek fokuset vekk frå det som betyr noko. Me treng bodskap som treff – og som blir formidla der me er.
Siri trur mange unge lèt vera å stemma fordi dei er redde for å velja feil – eller for å skilja seg ut.
– Men det viktigaste er å delta. Du treng ikkje vera heilt sikker. Stem uansett. Det er betre å vera med og påverka enn å stå på sidelinja.
Kristine Thorsen Eikeland
Vera Gjerde (20): – Me unge er framtida – og det er me som må velja den
Vera Gjerde studerer organisasjonspsykologi, HR og leiing ved BI. Ho synest det er spennande å læra om korleis folk fungerer saman – og korleis ein kan leia og utvikla organisasjonar.
– Det er fint med denne typen kompetanse, for det opnar mange dører. Eg drøymer om å jobba med forretningsjus – og kanskje starta noko eige ein dag, seier ho.
– Eg likar når ting har eitt riktig svar – men ikkje matte, ler ho.
Vera Gjerde er opptatt av distriktspolitikk, og av at bygdene skal få gode vilkår.
Kristine Thorsen Eikeland
Første gong ved stortingsvalet
Vera rakk akkurat å stemma ved kommunevalet då ho vart 18. No skal ho stemma ved stortingsvalet for første gong, og det ser ho på som både viktig og sjølvsagt.
– Klart eg skal bruka stemmeretten. Det er mitt val – og det er eg som må ta det. Eg har foreldre som er engasjerte, og far min er folkevald, så eg har alltid hatt samfunnsengasjement rundt meg.– Me unge må tørra å meina noko
Vera trur mange unge i dag kan vera redde for å skilja seg ut – og kanskje redde for å velja feil.
– Kanskje det gjer at dei lèt vera å stemma? Det er synd, for me har faktisk lågast valdeltaking. Men me unge er framtida. Stemma di har makt til å påverka meir enn du trur. Me kan vera med og skapa endring – og det er jo me som må velja vår framtid.
Ho meiner det er viktig å stemma – òg om ein er usikker.
– Det er kult å engasjera seg. Du treng ikkje vera ekspert – det viktigaste er å bry seg.
Oppteken av bygda og fellesskap
Vera vaks opp på bygda, og har med seg ei sterk kjensle av fellesskap og tilhøyring. Ho er oppteken av å ta vare på det ein har – og å fremja moglegheitene i distrikta.
– Eg er oppteken av distriktspolitikk, og av at bygdene skal få gode vilkår. Vi må ta vare på det som fungerer – og utvikla det vidare.
Ho brenn òg for gode vilkår for barnehagelærarar, lærarar og skulen.
– Barnehagar og skular er blant dei viktigaste institusjonane me har. Dei som jobbar der gjer ein uvurderleg innsats for barn og unge. Me må satsa på dei.
Visste du at...
- Du treng ikkje venta til 8. september for å stemma.
- I perioden frå 11. august til 5. september kan du førehandsstemma i kva som helst kommune i Noreg.
- Stemma blir sendt til heimkommunen din og tel på lik linje som om du stemmer på valdagen.
Constance Lunde (23): – Det er no me unge må ta ansvar
Constance Lunde har vakse opp med fjell, fjord og fellesskap i Etne. No studerer ho siviløkonomi i Bergen, og kjenner at ho har valt heilt riktig.
– Eg drøymer om å driva noko sjølv ein dag, men først vil eg få erfaring frå næringslivet, seier ho.
For Constance er det andre gong ho stemmer ved eit stortingsval, og ho høyrer dermed til den gruppa med lågast valdeltaking – nemleg andregongsveljarane.
Det å stemma tek ho på alvor.
– Det er faktisk ganske stort. Eg har alltid vore samfunnsengasjert, og no får eg vera med og påverka. Det er mitt eige val – og det er viktig å lesa seg opp, seier Constance.
Kristine Thorsen Eikeland
Vil løfta bygdene
Constance brenn for at bygdene skal leva og utvikla seg. Ho vil at fleire unge skal få augo opp for moglegheitene som finst lokalt.
– Me har mange gode arbeidsplassar her, og det skjer mykje spennande innan innovasjon og næringsliv. Eg vil bidra til at fleire får lyst til å flytta heim igjen, seier ho.
Blant sakene som engasjerer henne mest er skulepolitikk, integrering, mental helse og vilkåra for småbedrifter og gründerar.
– Det må bli enklare og billegare å investera i Noreg. Og me treng fleire kvinner i leiarstillingar, legg ho til.
– Viktig å bruka stemma
Sjølv om ho er engasjert, forstår ho at mange unge synest det er vanskeleg å velja.
– Det kan vera forvirrande å setja seg inn i kva partia står for. Mange er redde for å stemma «feil». Men tenk om alle tenkte sånn? Då taper demokratiet. Du må stemma på det du er mest einig i – du treng ikkje vera einig i alt, seier Constance.
Ho oppmodar alle unge til å bruka stemmeretten sin.
– Me er heldige som bur i eit land med fungerande demokrati. Det er no me unge må ta ansvar. Bruk stemma di – det er essensen!
Di stemme tel – bruk henne!
Desse fire unge stemmene frå Haugalandet viser at engasjementet er der – og at framtida blir forma av dei som deltek.
Du treng ikkje vera ekspert for å stemma. Du treng berre å bry deg. Stem på det du trur på – og ver med og påverka.
Bruk stemmeretten. Det er no du har sjansen.
Slik foregår valet i dei ulike kommunane:
· Karmøy
· Haugesund
· Tysvær
· Bokn
· Sveio
· Vindafjord