Felles Politiråd saman med Etne

I dag vart det årlege felles Politiråd saman med Etne kommune gjennomført. Ordførar, kommunedirektør, kommunalsjefar og oppvekstkoordinator møtte Etne kommune og politiet på teams i dag. 

Politirådet i dag saman med Etne vart gjennomført på teams grunna snøfallet. Nils Erik Eide

Kommunane skal gjennomføra to Politiråd i året, eitt av desse har Vindafjord kommune saman med Etne kommune, og sjølvsagt politiet. I dag vart felles møte gjennomført på teams med Etne kommune som vert. I det siste har det store snøfallet vist at E134 har blitt stengt i timesvis, noko deltakarane frå Vindafjord ville unngå å stå i så møtet vart altså gjennomført digitalt. 

På agendaen i dag var blant anna informasjon om trafikksikker kommune, statistikk og status frå politiet, Ung Data, oppvekstreforma og andre aktuelle saker. 

Neste møte vert i Vindafjord, også dette vert felles då ei av sakene i dag var å endre litt på "årshjulet" til Politirådet, det betyr at Vindafjord sitt eige Politiråd vert då i desember 2023. 

Politirådet - ein viktig samarbeidsarena