Endring av vass- og avløpsgebyr

Ny vassforskrift "Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Vindafjord kommune" blir gjeldande frå 01.01.2024.

Vatn renn ut sluken - Klikk for stort bilete Semevent, Pixabay

Alle bustadhus og fritidshus med innlagt vatn må betala for avløp ut.

Fram til 31.12.2023 betaler bustader utan vassmålar eit stipulert forbruk på 175m3 og fritidsbustader 105m3.

Frå 01.01.2024 går Vindafjord kommune over til arealberekningsmetoden. Sjå §1-6 i forskrift.

Det er bruksarealet (BRA) rekna etter NS 3940 som dannar grunnlaget for gebyr.
Garasjar, uthus, anneks, utvendige buer og naust vert ikkje medrekna som bruksareal for bustad- og kombinasjonseigedom .

For større bustader, der det bur få personar kan det svara seg å installere vassmålar.

Ny forskrift om vass og avlaupsgebyr som trer i kraft 01.01.2024

Forslag til gebyrliste 2024. Gebyr vert endeleg vedteken i kommunestyre 12.12.23.

Vassmålar og vassmålarstand