Vassmålar

Alle næringseigedomar og gardshus skal ha vassmålar. Du kan også ha vassmålar dersom du ønsker det, eller kommunen kan kreva at du installerer vassmålar.

Ta kontakt med røyrleggar for installasjon. Du betalar leige for vassmålaren til kommunen, og må dekka installasjonskostnadane sjølv.

Røyrleggar må gi melding på eige skjema til kommunen om at målar er installert. Ta kontakt med kommunaltekniske tenester på e-post va@vindafjord.kommune.no for å få skjemaet. Eller bruk

Innmelding av installert vassmålar

Alle som har installert målarar må rapportera forbruk årleg. Du vil få eit rapporteringskort tilsendt i desember.

Ny SMS-løysing for avlesing av vassmålarstand

For 2022 vil Vindafjord kommune ta i bruk ny SMS-løysing for avlesing av målarstand på vassmålarane.

Abonnentar som har installert vassmålarar vil få tilsendt ein SMS som dei kan svara på, og der dei kan legga inn avlesinga. Dette vil bli enklare og meir effektivt for både innbyggarar og sakshandbehandlar hos Vindafjord kommune.

Det kan bli kravd eit gebyr dersom det ikkje blir sendt inn ny målarstand.

Gebyr

Sjå Vindafjord kommune si gebyrliste.

Hovdudplan for vassforsyning (PDF, 35 MB)

Hovudplan for avløp (PDF, 2 MB)

Kontaktinformasjon

Sonia Kirsten S. Lie
Konsulent kommunale avgifter
Kommunaltekniske tenester
E-post
Telefon 53 65 61 09
Hildbjørg Fludal
Ingeniør
VAR Område
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 61 03
Mobil 99 23 55 50
Berit Fyljesvoll Haugsland
Einingsleiar
Kommunaltekniske tenester
E-post
Mobil 91 35 04 68