Digitale følgjekort frå 1. september

Frå 1. september tilbyr Vindafjord kommune digitale følgjekort.

Det digitale følgjekortet er tilgjengeleg på mobilen, slik at du slepp å ha med deg eit fysisk kort. Kortet kan enkelt visast fram når du skal nytte det på kultur- og fritidsarrangement.

Har du følgjekort frå før? Du kan no velje om du ønskjer digitalt eller fysisk kort. Dersom du vil byte, kan du bruke skjemaet:

 Endre format på følgjekortet.

Det er framleis mogleg å få fysisk følgjekort for dei som ønskjer det.

Følgjekort gjer det mogleg å ha med ein ledsagar gratis eller til redusert pris på arrangement. Du betaler sjølv inngangsbilletten. Det er arrangøren som avgjer om dei godtek følgjekort og kva rabatt som gjeld.

Meir informasjon om følgjekort/ledsagarbevis.