Følgjekort (ledsagerbevis)

Følgjekort (ledsagerbevis) er ei ordning som gjer at du kan ha med deg ein ledsagar gratis eller til redusert pris på kultur- og fritidsarrangement.

Du betalar sjølv inngangsbilletten, medan ledsagaren din får gratis eller rabattert tilgang.

Kva tilbyr me?

  • Dersom du har behov for følgje eller assistanse for å delta på aktivitetar, kan du søka om følgjekort.
  • Kommunen gjer ei individuell vurdering av søknaden og avgjer om du får innvilga følgjekort.

Kven kan få følgjekort?

Du kan søka dersom du har sjukdom eller nedsett funksjonsevne som gjer at du treng ledsagar. 

Dette kan til dømes gjelda:

  • Rørslehemming
  • Høyrslehemming
  • Synshemming
  • Utviklingshemming
  • Allergiar
  • Psykiske lidingar
  • Hjarte- eller lungesjukdom
  • Andre funksjonsnedsettingar med behov for ledsaging. 

Kvar kan du bruka følgjekort?

Det er arrangøren som avgjer om dei aksepterer følgjekort og kva rabatt som gjeld. 
Ta kontakt direkte med arrangør for informasjon. 

Slik søker du

Digital søknad (tilrådd)

Søk om følgjekort (digitalt skjema)

  • Logg inn med ID-porten
  • Last opp bilete
  • Legg ved relevant dokumentasjon

Søknad på papir

Last ned søknadsskjema (PDF) (PDF, 71 kB)

Send til:

Servicetorget, Vindafjord Kommune
Rådhusplassen 1
5580 Ølen

Eller bruk eDialog for å senda søknaden sikkert digitalt.

Hugs å legga ved relevant dokumentasjon og bilete.

Fysisk eller digitalt følgjekort

Vindafjord kommune tilbyr no i hovudsak digitalt følgjekort.
Fordelar:

  • Tilgjengeleg på mobilen
  • slepp å ha fysisk kort
  • enkel framvising ved arangement

På nettsida ledsagerbevis finn du meir informasjon om ordninga. 
Det vil framleis vere mogleg å få tildelt fysisk følgjekort. 

Dersom du har fått tildelt følgjekort og ønskjer å endre format - kan du melde inn ønsket ditt i skjemaet under:
Endre format på følgjekortet (digital søknad)

Hjelp til å søka

Dersom du har behov for hjelp til å fylla ut søknadsskjema, kan du kontakta servicetorget ved rådhuset i Ølen.

Søknadsfrist og behandlingstid

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande. Forventa behandlingstid er 3 veker. 

Retningslinjer og vilkår

Klagerett

Om du får avslag på søknad om følgjekort, kan du klaga på dette. Kommunen skal gi deg rettleiing i korleis du klagar.

Klagen skal sendast til kommunen, som skal vurdera søknaden din på nytt.

Kontaktinformasjon

eDialog - sikker innsending

eDialog er ei løysing for å sende dokument elektronisk på ein trygg måte.
Denne bør brukast når du skal sende:
- private opplysningar
- sensitive opplysningar
- helseopplysningar
eDialog - lenke til sikker innsending av brev og dokument 

Profilbilde av Mona Kristin Haraldseid
Mona Kristin Haraldseid
spesialkonsulent
Kommunikasjon og service
Telefon 47 48 88 95
Profilbilde av Marianne Log Rødde
Marianne Log Rødde
konsulent
Kommunikasjon og service
Telefon 94 00 20 32