– Det er eit viktig tema. Tilrettelegging kan bety alt for eit menneske

Når du kjem inn døra hos Helgevold Elektro, blir du møtt av ein blid stemme og ein logrande hale. Ole Magnus Helgevold og førarhunden Simba er eit kjent syn for alle som stikk innom.

Ole Magnus har jobba på sentralbordet til Helgevold Elektro i 22 år – og stortrivst.

– Eg snakkar med folk heile dagen. Det gir meg energi, seier han med eit smil.

Ole Magnus er fødd blind og har alltid budd i Sandeid. Han har hjelpemiddel som gjer det mogleg å bruke PC: eit spesialtastatur og program som les opp teksten. Teknologien har opna dører.

– Ein kan jo snakka til alt no, og smartteknologi gjer kvardagen enklare. Utviklinga dei siste åra har vore enorm, seier han.

Ole Magnus sit i sentralbordet - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Meiningsfulle kvardagar er viktig
Ole Magnus er engasjert når han snakkar om kor viktig det er at folk med funksjonsnedsetjingar får tilrettelegging slik at dei kan vera i jobb.

– Eg møter andre blinde som står utan jobb. Det gir så mykje å vera ein del av eit arbeidsmiljø. Eg blir rastlaus om eg er heime ei helg – og eg hadde gått på veggane om eg gjekk heime heile tida. Det er så viktig å gi folk ein sjanse, seier han.

Ole Magnus og førarhunden Simba sit i resepsjonen til Helgevold Elektro - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland


Reiselyst og opplevingar
Til 50-årsdagen fekk Ole Magnus ei overrasking: ein tur til Las Vegas.
– Det var ei heilt spesiell oppleving, fortel han.

Ei anna stor oppleving var ein tur til Afrika med vener.
– Eg var skeptisk. Eg tenkte: kva er vitsen når eg ikkje kan sjå dyra? Men det var fantastisk! Å ligga i telt og høyra apekattane – det er ikkje kvardagskost, seier han og ler.

Ole Magnus har tenkt på korleis det ville vore å vekse opp som blind i eit land med krig og fattigdom.

– Eg trur ikkje det er så lett. Eg har hjelpemiddel, jobb og førarhund. I mange land har dei lite og står utanfor samfunnet, seier han.

Førarhunden Simba - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Støttar årets TV-aksjon
Årets TV-aksjon går til arbeid for menneske med funksjonsnedsetjingar i land prega av krig og fattigdom. Ole Magnus støttar aksjonen fullt ut.


– Eg skal ta varmt imot bøssebærarane. Det er eit viktig tema. Tilrettelegging kan bety alt for eit menneske. Det opnar dører – og det betyr mykje for folkehelsa, seier han.

Ole Magnus Helgevold er eit levande bevis på kor mykje det betyr å få ein sjanse. 

– Eg kunne ikkje hatt ein betre jobb, avsluttar han med eit smil.

Ole Magnus sit i sentralbordet - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Les meir om årets tv-aksjon

Meld deg som bøsseberar