Bli med i ungdomsrådet!

Du som er mellom 13 og 18 år kan nå bli med i Vindafjord Ungdomsråd for dei neste to åra!

Ungdomsrådet i Vindafjord Nils Erik Eide

Er du oppteken av at ungdom skal få sei si meining og bidra til at Vindafjord blir ein god kommune å vera ung i? Då kan dette vera midt i blinken for deg.
Ungdomsrådet i Vindafjord kommune representerar alle ungdommane i kommunen, og er med på avgjersler som angår ungdom spesielt.

På møta får du vita om kommunen sine forskjellige planar og sei noko om kva du meinar. Du kan og koma med eigne forslag, rett og slett vera ungdommen si stemme.

I ungdomsrådet sit det 7 medlemmer og 5 varamedlemmer frå heile kommunen. Nå søkjer me nye medlemmer. 
Du treng ikkje å vera politisk interessert.

Kor ofte er det møter?

Rådsmøta er cirka 2 ganger per halvår, på rådhuset i Ølen. Dei startar kl. 16.00 og varer i om lag 2-3 timar. Det blir servert pizza på møta.

Fortell litt om deg sjølv og kvifor du har lyst til å søka i skjemaet lenger nede på sida.
Frist for påmelding er 15. desember.

Skjema for å søka om å bli med

Her fortel nokre av dei som er medlemmer i dag om korleis det er å vera med i ungdomsrådet:
 

 

Valg av nytt ungdomsråd blir gjort av kommunestyret i løpet av hausten.

Her kan du lesa meir om kva ungdomsråd er.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med Anne Mette Klungland på tlf. 53 65 65 62
eller send e-post til anne.mette.klungland@vindafjord.kommune.no