Valansvarlege i dei seks kommunane har jobba i månadsvis for å sikre at alt er klart til Stortings- og sametingsvalet 2025.
Sveio kommune
– Eit stort ansvar
– Å jobba med val er eit stort ansvar, men òg svært meiningsfullt. Å gjennomføra val er ei av kjerneoppgåvene til kommunane, og når ein jobbar med val får ein bidra til å ta vare på demokratiet vårt, fortel valansvarleg i Sveio kommune, Bjarte Stølås Storli.
I alle kommunane er det no klart for både førehandsstemming og valdagen. Det er sett opp stemmelokale og opplæring av valmedarbeidarar er gjennomført.
– Me legg til rette for at alle skal få bruka stemmeretten sin, og det er eit ansvar me tar på største alvor.
Felles innsats for eit godt val
Valansvarlege jobbar målretta for å sikre at alle innbyggjarar får god informasjon, og at det blir enkelt og trygt å stemma – både på førehand og på sjølve valdagen.
– Me har fokus på å nå ut til alle veljarar, uavhengig av alder, bakgrunn eller kor dei bur. Det handlar om å gjera demokratiet tilgjengeleg for alle, fortel Anne Mette Klungland, valansvarleg i Vindafjord kommune.
– Me må sørgja for at det er enkelt og trygt å stemma, anten du bur i sentrum eller i ei lita bygd.
Norge er faktisk eit av dei demokratiske landa med lengst stemmeperiode. Allereie frå 1. juli til 8. august har ein kunna tidlegstemma, så er det ordinær førehandsstemming frå 11. august til 5. september.
I alle kommunane er det no klart for val. Valavlukka er sett opp på råd- og kommunehusa og dei tilsette som skal ta i mot stemmer har fått opplæring.
Valdagen er 8. september.
Kristine Thorsen Eikeland
Oppmoding til veljarane
Fleire av kommunane har i år eit ekstra fokus på å nå ut til nye veljargrupper, som unge førstegongsveljarar og personar med innvandrarbakgrunn.
Valansvarlege i dei seks kommunane oppmodar alle til å bruka stemmeretten sin.
– Demokratiet vårt er avhengig av deltaking. Ei stemme kan vere med på å påverke framtida. Me håpar alle som har stemmerett tek turen til vallokalet – eller førehandsstemmer – og let stemma si bli høyrd, framhevar Eli Håland, som er valansvarleg i Haugesund kommune.
Haugesund kommune
Valtips
Ta eit informert val! Her er nokre gode råd før du stemmer:
Bruk valgomatane
Få hjelp til å finne partiet som passar best med meiningane dine.
Les gjennom partiprogramma
Sjå kva partia vil gjere dei neste fire åra.
Sjekk kva partia meiner om saker som er viktige for deg
Finn ut kvar dei står i spørsmål som betyr mest for deg.
Snakk med familie og vener
Del tankar og få nye perspektiv før du bestemmer deg.
VISSTE DU AT?
· Du treng ikkje vente til 8. september for å stemme.
· I perioden frå 11. august til 5. september kan duførehandsstemme i kva kommune du vil i Noreg.
· Stemma blir sendt til heimkommunen din og tel på lik linje som om du stemmer på sjølve valdagen.
Slik føregår valet i dei ulike kommunane:
· Karmøy
· Haugesund
· Tysvær
· Bokn
· Sveio
· Vindafjord