Gå deg gjennom 100 år med historie

Alle stadar har si historie. Tar du turen gjennom Kulturløypa i Sjoargata, blir du godt kjent med Ølen sentrum si historie. Du kan også ta deg ein kvil på ein av dei Vakre Vindafjord-benkane.

Vakre Vindafjord-benk og informasjontavle ved Arnestad. Benken er laga av Gnisten. - Klikk for stort bileteVakre Vindafjord-benk og informasjontavle ved Arnestad. Benken er laga av Gnisten. Anne Sofie Sandvik

I ei rundløype på om lag to kilometer, blir det gjennom fem store informasjonsskilt eller grupper med skilt formidla liv og levemåte, handel og næring i Sjoargarden dei siste 100 åra.

Føremålet er at løypa skal gi auka kjennskap om historia, samtidig som ein gjennom bilete og tekst får ei interessant oppleving, anten ein er innbyggar eller besøkande. Dette er også ein flott måte for barnehagar og skular å bli kjent med den lokale historia.

Helgebad på meieriet

I Ølensjøen har det budd folk i lenge. Strandstaden Sjoargarden er det det moderne Ølen sentrum er bygd opp på. Kulturløypa består av fem punkt frå A til E, og kvart punkt omtalar dei blå punkta som er merka av på kartet.

Du kan sjå alle alle kart og skilt nederst i artikkelen.

Du kan starta kvar du vil, men eit godt tips er å begynna med punkt A som er plassert i Joa-Kari-parken, Vindafjord kommune sin tusenårsstad. Då får du raskt overblikk over området, og kan mellom anna lesa om tippekommisjonær Tørres Heggen, historia til meieriet der folk også kunne ta helgebadet, og kvar Revehallen og ungdomshuset sto.

Frå enkle kår til stor aktivitet

Når du ruslar vidare gjennom sentrumsgatene, kan du lesa og sjå utviklinga frå enkle kår til stor aktivitet med utvikling av ulike næringar i takt med tid og behov. Som Sildefabrikken, eller mølla som vart sett opp allereie i 1889 og var i drift langt inn i førre århundre.

Mange hus er rivne og erstatta med nye, men mange er også tekne vare på. Særleg Sjoargata er eit område med mange velstelte, gamle hus som framleis fortel sin del av historia.

Ølen sentrum var og er eit knutepunkt for samferdsle i regionen. Men det var eit langt meir yrande liv på Ekrheimskaien i tidlegare tider. Då vart gods, folk og fe frå Haugesund, Odda, Sauda, Sunnhordland og Bergen transportert til og frå kaien, mellom anna med «Sunnhordland», og busstransport frå heile distriktet kom til kaien.

Historiane til enkeltpersonar

Undervegs i kulturløypa finn du også historiar om enkeltpersonar. Som jordmora og arrestforvaltaren Rakel Rivenes som budde i gamlebanken for 100 år sidan.  I den vesle hagen dyrka jordmora sin eigen mat, og ho skal ha tatt imot 830 barn i Ølen. Eller Knut Strømø, som var både var dyktig smed og søndagskulelærar. Då tyskarane okkuperte bedehuset, vart det slutt på søndagsskulen, men Strømø starta opp igjen i 1943.

Løypa er eit samarbeidsprosjekt mellom Ølen Grendalag, Ølen Handel og Vindafjord kommune, med mål om å formidla historiar frå fjern og nær fortid i Ølen sentrum. Prosjektgruppa består av frivillige som er særleg interessert i og kan historia knytt til desse punkta i Ølen sentrum.