Vats

Landbruk og bølgande, grøne bøar fyller dalen ned til Åmsosen. Der i strandkanten har det vakse fram eit teknologieventyr og verksemder som gjer det stort internasjonalt.

Grøne bakkar, vatn og fjell i Vats. - Klikk for stort bilete Dag Smemo

Her finn du Vats på kartet

Vats er frå gamalt av delt i to bygder, Øvre og Nedre Vats. Samla folketal er om lag 1.200.

I Åmsosen vaks det fram landhandel med meir, knytt til rutebåtsambandet til Stavanger. Tidleg i førre århundre fanst det til og med hotell her.

Her i sjøkanten har Jakob Hatteland bygt opp ei høgkompetansebedrift innan IT-bransjen med verda som marknad. Hatteland har selt fleire av verksemdene etter kvart som dei har vakse og blitt suksess.

Den aller største er teknologieventyret AutoStore. Norges første einhjørning er i dag verdsett til over 65 milliardar kroner. Framleis med Åmsosen som hovudkontor, og stadig på jakt etter nye tilsette.

Frå om lag midt på 80-talet vart verdas største oljeplattformer i betong bygde eller utrusta på Raunes i Nedre Vats. No har firmaet AF Decom tatt basen i bruk att, og den er bygd ut til AF Miljøbase Vats som høgg opp oljeinstallasjonar frå Nordsjøen som skal bli utfasa.

På Knapphus i Øvre Vats er det eit lite sentrum, med fleire ulike slag verksemder, frå handel til sal og service.

Skulen for Vats-bygda ligg i Nedre Vats. I tidlegare Øvre Vats skule er det nå barnehage.

I Nedre Vats ligg kyrkja og Vindafjordtunet, kommunen sitt nyaste omsorgssenter.

Grendeside for Vats

Bygdelag og leiarar

Bygdelag og leiarar
Lag Leiar E-post Telefon
Bjoa bygdeutviklingslag Aleksander Bjørnø aleksander.teibjo@gmail.com
Fokus Sandeid Tore Solberg tore.solberg@appex.no
Imsland grendautval Monika Vanvik grendeutvalet@imsland.info 91 99 26 05
Skjold bygdalag Anette Svendsen skjoldbygdalag@gmail.com 93 44 80 79
Vats grendautval Monica Nesheim vatsgrendalag@gmail.com 93 05 94 63
Vikebygd grendautval Gunn Vikingstad post@vikebygd.no 48 89 17 54
Vikedal grendeutval Lars Bryn Rønnevik lars.ronnevik@morenot.com
Ølensvåg grendeutval Monica Berge Fjæra monica.berge@haugnett.no 99 03 70 76
Ølen grendeutval Magne Christiansen olengrendautval@gmail.com 91 67 06 11