Vats kyrkje

 Vats kyrkje ligg sentralt i bygda, ved enden av Vatsvatnet.

Vats kyrkje ein fin junidag. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Det har i alle fall vore to kyrkjer her tidlegare. Den forrige kyrkja blei bygd omlag 1640, og kyrkja før den igjen var truleg ei stavkyrkje. Den noverande kyrkja var ferdig hausten 1855. 

Gamlekyrkja blei riven like etter, og materiala selde på auksjon. Men altersølvet, kyrkjeklokkene, lysekrona og ein del anna inventar vart flytta over i den nye kyrkja. Altertavla er sidan blitt restaurert og sett inn igjen i kyrkja. Det same er Stokkatavla. Døypefonten er også på plass igjen i kyrkja.

Orgelet er det eldste kyrkjeorgelet som er i vanleg bruk i Stavanger bispedømme.

I 2007 blei sakristiet heilt fornya innvendig. Tidlegare var det eit prestesakristi og eit rom for dåpsfølgje. Nå er det gjort om til eit rom med ein kjøkkenkrok. Loftet over tilbygget er innreidd, og det er sett opp trapp. Det blir nytta til barnesamling når det er familiegudsteneste.

Gudstenestelista og anna informasjon finn du på hyrdingen.no eller kyrkja i Vindafjord sin kalender.