Skjold

Skjold er ei folkerik bygd  med vel 1.570 innbyggarar, og er den delen av kommunen som har hatt størst vekst i folketalet.

To små gutar ligg på magen og studerer livet i bekken. - Klikk for stort bileteEin tur i Skjold blir fort til ei oppdagingsferd for små karar som undrar seg over det meste. Merete Vårvik Matre

Her finn du Skjold på kartet

Skjold skule er den største skulen i Vindafjord, ein kombinert barne- og ungdomsskule, som i tillegg også tar imot ungdomsskuleelevar frå Vats og Vikebygd.

Bygda har sentralbaneanlegg, bygdahus og idrettshall, Skjold Arena, lokalisert ved skulen. Her ligg også Skjold barnehage.

Næringslivet, i tillegg til jordbruket, er mellom anna knytt  til mindre handverksbedrifter, bygg og anlegg, handel, legesenter og bank med Isvik som bygdesenter like ved E 134.

Skjold kyrkje er eit praktbygg. I tillegg til kyrkjelege handlingar, vert kyrkja mykje nytta til kulturverksemd, konsertar og kunstutstillingar.

Stadnamna Haraldseid og Haraldseidvågen er knytt til soga om kong Harald Hårfagre. Historikarar er i ferd med å lokalisere traseen til det dei reknar med kan vere eit dragseid mellom Ålfjorden og Skjoldafjorden.

Eit dragseid er ein veg der ein drar båtar over land, til dømes over eidet mellom to fjordar. Eit slikt dragseid (holveg) finn me også restar av i Sandeid.

Grendaside for Skjold

Bygdelag og leiarar

Bygdelag og leiarar
Lag Leiar E-post Telefon
Bjoa bygdeutviklingslag Aleksander Bjørnø aleksander.teibjo@gmail.com
Fokus Sandeid Tore Solberg tore.solberg@appex.no
Imsland grendautval Monika Vanvik grendeutvalet@imsland.info 91 99 26 05
Skjold bygdalag Anette Svendsen skjoldbygdalag@gmail.com 93 44 80 79
Vats grendautval Monica Nesheim vatsgrendalag@gmail.com 93 05 94 63
Vikebygd grendautval Gunn Vikingstad post@vikebygd.no 48 89 17 54
Vikedal grendeutval Lars Bryn Rønnevik lars.ronnevik@morenot.com
Ølensvåg grendeutval Monica Berge Fjæra monica.berge@haugnett.no 99 03 70 76
Ølen grendeutval Magne Christiansen olengrendautval@gmail.com 91 67 06 11