Skjold kyrkje

Skjold kyrkje ligg ved E 134 i Skjold.

Skjold kyrkje ein fin junidag. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Den gamle kyrkja i Skjold var ei trekyrkje frå 1887 med plass til 750 personar. Kyrkja blei sett fyr på og brann ned 13. september 1992.

Nye Skjold kyrkje blei vigsla 16. mai 1999. Det er ei åttekanta kyrkje bygd i mur med plass til 400 personar.

Arkitekt Per Odd Aarrestad har hatt ansvar for kunsten i kyrkja, som han kallar ei «oppstandelseskirke».

Alterskapet har motiv frå oppstoda i raudt og gull. Når skapet er lukka, ser ein Kristus korsfesta.

Kalenderen til Skjold kyrkje

Gudstenestelista og anna informasjon finn du på hyrdingen.no eller kyrkja i Vindafjord sin kalender.