Ølen

Ølen er kommunesenteret i Vindafjord. Delar av den gamle busetnaden er tatt vare på i Sjoargata, noko som er med å prega gatebiletet.

 

Sjoargata med gamle hus i Ølen sentrum. - Klikk for stort bileteSjoargata er ei perle, og husar både folk og ei rekke ulike verksemder. Dag Smemo

Her finn du Ølen på kartet

Ølen er den sentrale tettstaden i kommunen med vel 1.810 innbyggarar. Her er kommunesenteret og kommuneadministrasjonen.

Akkurat nå er det utarbeida ein moglegheitsstudie for Ølen. Moglegheitsstudien ser på korleis Ølen sentrum kan utvikla seg til ein attraktiv stad der folk trivst og ønskjer å vera. Moglegheitsstudien ser på kva Ølen kan bli i framtida. Dette handlar om å sjå på korleis Ølen kan utvikle seg i eit kortsiktig perspektiv (i morgon) og i eit langsiktig perspespektiv fram mot 2050 (i overmorgon). Ta deg ein titt og sjå kva som kan bli mogleg i framtida om me samarbeidar om å nå måla.

Der vegane møtest er ei god beskriving av kommunesenteret, som frå gamalt av har vore eit kommunikasjonsknutepunkt for distriktet. Her møtest bussar frå aust, sør og vest med båten frå nord, og trafikken på hovudvegen mellom vest og aust, E 134, aukar stadig.

Sentrum er godt bygt ut med gode tjenestetilbod innan handel, service og varierte næringsverksemder. I same bygg som Ølen senter ligg også Landbrukets Hus.

Ølen har både barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, idrettshall og symjehall.

I sentrum finn du også Sjøperlo, eit sambygg med Ølen kulturhus der kommunen mellom anna har bygd kultur- og læringssenter, bibliotek og fellesarealet Sjøperlo Hall.

Er du på jakt etter noko å finna på ute, er Aktivitetsparken heilt i sjøkanten eit godt alternativ. Her kan du både leika, trena og skata. 

Dei største verksemdene i Ølen er Vindafjord kommune og Fatland slakteri. Dette slakteriet er det største privateigde slakteriet i landet.

Facebook-side grendautval

Bygdelag og leiarar

Bygdelag og leiarar

Bygdelag og leiarar
Lag Leiar E-post Telefon
Bjoa bygdeutviklingslag Aleksander Bjørnø aleksander.teibjo@gmail.com
Fokus Sandeid Tore Solberg tore.solberg@appex.no
Imsland grendautval Monika Vanvik grendeutvalet@imsland.info 91 99 26 05
Skjold bygdalag Anette Svendsen skjoldbygdalag@gmail.com 93 44 80 79
Vats grendautval Monica Nesheim vatsgrendalag@gmail.com 93 05 94 63
Vikebygd grendautval Gunn Vikingstad post@vikebygd.no 48 89 17 54
Vikedal grendeutval Lars Bryn Rønnevik lars.ronnevik@morenot.com
Ølensvåg grendeutval Monica Berge Fjæra monica.berge@haugnett.no 99 03 70 76
Ølen grendeutval Magne Christiansen olengrendautval@gmail.com 91 67 06 11