Bjoa

Bjoa er kulturbygda i kommunen, med rike minne frå fortida. Her finn du også ei verksemd som har heile verda som marknad.

Utsikt frå fjella i Bjoa mot Sunnhordland. - Klikk for stort bileteDu treng ikkje gå så høgt til fjells for å sjå heile Sunnhordland. Faktisk heilt til Folgefonna. Asbjørg Heggø.

Her finn du Bjoa på kartet

Av fornminne kan ein nemna Steinslandssåta, ei bygdeborg på Innbjoa og kulturstien med helleristningar frå eldre bronsealder ved Hovlandsstø på Utbjoa.

Den største verksemda er Granberg, som produserer arbeidshanskar for verdsmarknaden. Dei har to gongar blitt tildelt den prestisjetunge prisen Red Dot for sine innovative produkt og design.

Blåbærhagen til Alfred Mitchell på Utbjoa er både ein attraksjon og høve til å plukka sjølv. Gråhorgjohytta er eit av mange flotte turmål og bygda har særleg mange flotte strender.

Frå Bjoa kan du ta sjøvegen til og frå Sunnhordland. Frå Utbjoa ferjekai kan du reisa til Fjelberg, Sydnes og Skjersholmane.

Bygdelaget er engasjert i å få ny arbeidskraft til bygda, mellom anna IT-relatert verksemd. Der er også lagt ut tomtefelt med attraktive tomter. Bygda har både skule og barnehage.

Folketalet er vel 420 innbyggarar.

Grendeside Bjoa

Bygdelag og leiarar

Bygdelag og leiarar
Lag Leiar E-post Telefon
Bjoa bygdeutviklingslag Aleksander Bjørnø aleksander.teibjo@gmail.com
Fokus Sandeid Tore Solberg tore.solberg@appex.no
Imsland grendautval Monika Vanvik grendeutvalet@imsland.info 91 99 26 05
Skjold bygdalag Anette Svendsen skjoldbygdalag@gmail.com 93 44 80 79
Vats grendautval Monica Nesheim vatsgrendalag@gmail.com 93 05 94 63
Vikebygd grendautval Gunn Vikingstad post@vikebygd.no 48 89 17 54
Vikedal grendeutval Lars Bryn Rønnevik lars.ronnevik@morenot.com
Ølensvåg grendeutval Monica Berge Fjæra monica.berge@haugnett.no 99 03 70 76
Ølen grendeutval Magne Christiansen olengrendautval@gmail.com 91 67 06 11