Vadhytta er komen på plass

Tysdag 15. februar blei ein merkedag for dagsturhytteprosjektet i Vindafjord. Sju løft måtte til for å flytta hyttemodular og toalett frå kaien til Arriva Shipping til tomta i Kolbeinshauglia.

Alle modulane på plass i Kolbeinshauglia. - Klikk for stort bileteDagsturhytta er 15 kvadratmeter innvendig og har ei enkel utforming. Jon Olav Velde  

Helikopterjobben sto Fonnafly for. Jon Olav Velde og Arne Gunnar Habbestad var med som dugnadsfolk og hjelpte dei tilsette frå firmaet som har levert dagsturhytta.

Mykje dårleg vêr sist veke gjorde at helikopterløfta vart utsette til måndag denne veka. Forseinka helikopter og dårleg vêr måndag ettermiddag, gjorde at arbeidet vart utsett til tysdag.

Dugnadsarbeid

– Det er fantastisk at Vadhytta er komen på plass! Eit arbeidslag skal nå bruka 8-10 dagar på å gjera hytta ferdig. Etterpå må golvet lakkast og hytta vaskast ned. Dette blir også dugnadsarbeid, seier kultur- og idrettskonsulent Berit Hetland.

Kortid det blir offisiell opning av hytta er enno ikkje heilt bestemt.

Hyttemodul i fritt svev over kaien til Arriva Shipping. - Klikk for stort bilete
Hyttemodul blir senka ned til grunnmuren. - Klikk for stort bilete
Hyttemodul blir sette ned på grunnmuren. - Klikk for stort bilete
Toalettet til Vadhytta blir senka ned på grunnmuren. - Klikk for stort bilete
Helikopter frå Fonnafly. - Klikk for stort bilete

Alle vindafjordingar blir hytteeigarar i 2022

Dagsturhytta er komen til Vindafjord