Tre butikkprisar til Matkroken Imsland

Vindafjord kommune og prosjekt Vakre Vindafjord gratulerer Matkroken Imsland med prisen for årets butikk 2020 og to andre prisar!

Fem tilsett i Matkroken Insland framfor dei prisane for Årets butikk, Årets kundefavoritt og Regionvinnar. - Klikk for stort bileteStolte over prisar. Frå venstre Jarle Kvaløy, Susanne Solstad, Ann Helen Olsen, Marianne Vanvik og Britt June R. Kvaløy 

Ikkje berre vart Matkroken Imsland kåra til årets butikk på landsbasis, dei vart også kåra til regionvinnar og årets kundefavoritt.

– Det er sjølvsagt stor stas å blir kåra til årets butikk, men me er spesielt stolte av å bli årets kundefavoritt. Der er det kundane som svarar på ulike spørsmål i spørjeundersøkingar, og me vart best av alle dei 97 Matkroken-butikkane i heile landet, seier Britt June Risvold Kvaløy.

Feira tre dagar til ende

Ho driv Matkroken Imsland saman med mannen Jarle og fire-fem tilsette. Prisane vart feira med kake til kundane i tre dagar til ende.

Det er Norsk Butikkdrift AS, eit heileigd selskap av Coop, som står bak kåringa. I tillegg til heider og ære, fekk Matkroken Imsland ein pengesum til sosiale formål for dei tilsette.

– Me har booka julebord i Sandeid. Resten av pengane skal me bruka til våren, kanskje til ein tur, seier Kvaløy.