Tilfeldighetane førte Victoria til Ølen – Eg kjenner at eg gjer noko viktig

Då Victoria Haaranes var ferdig med sjukepleiestudiet på Stord, visste ho berre éin ting sikkert: Ho skulle ikkje til ein storby.

– Eg hadde bestemt meg for at eg ville ha ein rolegare kvardag, seier 22-åringen, som opprinneleg er Skåneviksbu.

Tilfeldighetane førte Victoria til Ølen, og kort tid etter stod ho med jobbtilbod på Ølen omsorgssenter. Der har ho blitt – og der trivst ho.

– Det er ein givande kvardag. Eg synest det er kjekt å kunne bidra, følgje pasientane opp og sjå at dei har det bra, seier ho.

Victoria i gangen på Ølen omsorgssenter - Klikk for stort bileteVictoria skulle aldri jobba innan helse. Det stod mellom advokat og fengselsbetjent, men ho stortrivst som sjukepleiar. Kristine Thorsen Eikeland

Frå advokat eller fengselsbetjent – til sjukepleiar

At ho skulle bli sjukepleiar, var eigentleg ikkje planen.

– Eg skulle aldri jobba i helse, ler Victoria. – Det stod mellom advokat og fengselsbetjent.

Men i dag kunne ho ikkje sett for seg noko anna.

– Det er travelt, men på ein positiv måte. Det er alltid noko å gjera. Yrket er breitt, alt frå stell til avanserte sjukepleiefaglege oppgåver. Og vi jobbar mykje på tvers av avdelingar, noko som gjer at kvardagen er varierande.

Trygg i eit godt arbeidsmiljø

Som relativt fersk sjukepleiar har støtta frå kollegaene vore viktig.

– Det er mange flinke sjukepleiarar her. Det gjer at eg føler meg trygg i jobben, seier ho.

Det gode samhaldet er noko av det ho set mest pris på.

– Me finn gode løysingar saman. Det er eit seriøst yrke, men det er òg rom for humor og tull. Det betyr mykje.

Victoria i hagen utanfor Ølen omsorgssenter - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Små ting, stor skilnad

Den aller beste kjensla får ho når dagen endar med mestring.

– Ein fin dag på jobb er når eg veit at eg har gjort noko bra, at pasientane har fått ein god dag. Små ting kan bety mykje – berre det å vere med på aktivitetar kan gjere ein stor forskjell.

Noko av det mest rørande er å sjå pasientar som kjem inn frustrerte eller triste, men som gradvis blomstrar.

– Eg prøver alltid å gjera det lille ekstra. Når ein ser at det hjelper, er det verkeleg givande.

Samarbeid og utvikling

Victoria skryt av det tverrfaglege samarbeidet i kommunen.

– Me jobbar tett med heimetenesta, lege, legevakt, fysio og kjøkken. Det er godt å vite at ein alltid har nokon å ringa.

Og sjølv om ho allereie er godt i gang med karrieren, stoppar ikkje utviklinga der. No tek ho vidareutdanning innan sårsjukepleie.

– Eg er veldig glad for å kunne vidareutdanne meg. Det gjer yrket endå breiare, og det opnar nye moglegheiter.

Ein jobb med meining

For Victoria er sjukepleie meir enn arbeidsoppgåver og turnus.

– Det er ein jobb med meining. Du møter mange ulike menneske – nokon spør etter wifi-koden og vil på FaceTime eller Apple TV, medan andre er meir analoge. Det er ein fin variasjon, smiler ho.

Ho hadde aldri sett for seg eit liv i helse. Men i Ølen fann ho både arbeidsmiljø, ro og ei retning ho vil vidare i.

– Eg kjenner at eg gjer noko viktig. Og det er verdt kvar ein dag.

Bli ein del av laget! Ta kontakt med Annelin Bauge:

E-post: annelin.bauge@vindafjord.kommune.no

Tlf. 97 65 77 78