Språkinteressert lagerformann

Lukasz Andrzej (38) kom til Ølensvåg som lagermedarbeidar i Ølen Betong for 12 år sidan, og sidan har han blitt verande.

Lukasz Andrzej set pris på å halda tett kontakt med sjåførar og medarbeidarar på fleire språk. - Klikk for stort bileteLukasz Andrzej set pris på å halda tett kontakt med sjåførar og medarbeidarar på fleire språk. Astrid Eidhammer Hjelmeland

– Eg stortrivs med jobben, folka, naturen og lyse lange kveldar, smiler han.

Sommaren i Noreg er heilt fantastisk, så lenge det ikkje regnar. Han nyt lange dagar der ein kan vera ute til langt på kveld og oppleva at det er lyst klokka eitt om natta.

– Når eg reiser heim på ferie til heimbyen Bielsko-Biala, nær Krakow i Polen, så er det mørkt klokka ni, fortel han.

Det var bror til Lukasz, som jobba rotasjon i produksjonen og som i dag er betongbilsjåfør, som fekk han til å søka jobb i Ølen Betong. Då hadde han vore i Noreg berre ein gong før, som DJ i Oslo.  

– Eg starta i produksjonen som maskinoperatør i rotasjon, og gjekk derfrå til arbeid på lageret forbetongvarer.

Det sosiale viktig for trivselen

Dei siste åtte åra har han vore formann og trivst godt med det. Han set pris på å halda tett kontakt med sjåførar og medarbeidarar på fleire språk.

– Eg trivs godt i jobben min. Me har ulike betongelement og produkt, så her er utruleg mykje å halda tråden i. Eit godt samarbeid med produksjonsleiar og seljar er avgjerande for gode prosessar ut mot både store og små kundar. Det sosiale i jobben min er viktig for trivselen, fortel han.

Det å kunne møta folk i alle aldrar og frå ulike land, gir han stor glede.

Andrzej er ein sosial mann med eit godt språkøyra, som gjer at han i dag meistrar fleire språk. Medan han lærte fransk på skulen som andrespråk, har han sjølv lært seg både russisk, tjekkisk, engelsk og norsk.

Klar for ferie i Polen

– Dei andre språka har eg lært meg via jobb og reise. Eg likar å snakka med folk, og eg likar å læra nye uttrykk og nølar ikkje med å spørra om eg lurer på noko. Det er betre å stille spørsmål enn å gjera feil. Det kan fort bli dyrt, smiler han.

Før han kom til Ølensvåg var Lukasz manager i butikk og DJ i helgene. Då var det periodar han reiste rundt i heile Europa som DJ på ulike større House-party.

Det har blitt lite tid å reise rundt som DJ eller til å besøke familien det siste året grunna covid-19. Men nå er han klar for ferie, og fortel at han i løpet av det siste året har fått til to turar heim til Polen for å møta vener og familie der med påfølgande karantenetid ved retur til Noreg.

Avhengige av arbeidsinnvandring

HR-leiar i Ølen Betong, Turid Berge-Olsen, fortel at dei har lang og positiv erfaring med arbeidsinnvandring, og har i dag fleire tilsette med utanlandsk opprinning.

– Me er avhengige av arbeidsinnvandring for å få tak i folk som ønsker å jobba i rotasjon. Det gjer det mogleg å ha så stor produksjon, som er ønskeleg og naudsynt for oss, seier Berge-Olsen.

Ho fortel at dei ikkje har lyst ut etter folk i utlandet, men at det er mange som søker på stillingane dei lyser ut, som allereie er i landet. I tillegg er mange av dei som er blitt tilsett rekruttert via eksisterande tilsette, som har rekruttert inn familie, vener og kjenningar dei veit kan gjera ein god jobb.

Lærte seg tidleg norsk

Berge-Olsen fortel at det har vore ein interessant kabal å løyse med rotasjon i covid-19-perioden, der karantene har vore påkrevd for dei som har ønskt å reisa heim i friperiodane sine.

Ho rosar også Andrzej, som tidleg lærte seg norsk.

– Ein stor grunn til at han fekk rolla som formann er at han tidleg lærte seg norsk, avsluttar Berge-Olsen.