Sjekk eigenberedskapen din

Øving gjer meister, seier eit gamalt ordtak. Det er det mykje sant i. Det er lettare å handtera til dømes langvarig straumbrot og vassmangel om du på førehand har tenkt på at det kan skje – og er litt førebudd på kva du skal gjera.

 

G. Røkeberg/DSB

Denne øvinga kan gjera deg meir medviten på eigen risiko og sårbarheit, og hjelpa deg å finna ut korleis din eigen beredskap kan bli betre. Ta utgangspunkt i situasjonen din, og diskuter gjerne med familie, vener eller naboar.

Lukke til!

Øving

Ta utgangspunkt i ein eller fleire av desse situasjonane. Sjå for deg at det råkar eit større område der du bur, og at det varar i minst tre døgn.

  • Det blir straumbrot
  • Mobil- og internettsamband blir brote
  • Vatnet blir forureina eller forsyninga sviktar
  • Du må halda deg heime og greia deg med det du har

1. Korleis blir me varsla, og korleis får me informasjon?

  • Har kommunen, straumleverandøren og andre ei SMS-varslingsteneste?
  • Høyrer me sirenene til Sivilforsvaret der me bur, og veit me korleis signalet høyrest ut og kva det betyr?
  • Har me ein radio som får inn beredskapskanalen NRK P1 – som også verkar når straumen går?
  • Kvar finn me riktig informasjon om hendinga? Kva kjelder kan me stola på?
  • Korleis får me informasjonen om internett, straum og mobil ikkje verkar?
  • Kan eg nødnummera og andre viktige telefonnummer?

2. Kva sluttar å verka som normalt?

  • Har eg oversikt over alt som treng straum, internettilgang og vatn?
  • Mykje er ganske opplagt – lys, oppvarming, matlaging, nettverk, varmtvatn, kjøl og frys – men har me tenkt på alt?
  • Har me smart-husløysingar som er kopla til straum og internett?
  • Elektroniske dørlåsar og alarmsystem?
  • Kor avhengige er me av vatn til drikke, matlaging, oppvask, hygiene og toalett?

3. Korleis går det med oss?

  • Korleis skal det gå når dette sluttar å verka? Finn me lommelykta, om ho i det heile teke verkar?
  • Har me varmekjelder som ikkje treng straum, eller må me greia oss med varme klede og teppe?
  • Har me nok mat og drikke i bustaden til å vera sjølvforsynte i tre døgn?
  • Får me varmebehandla maten utan straum?
  • Er det medisinar eller hjelpemiddel me er avhengige av kvar dag?
  • Kan me førstehjelp?
  • Andre spesielle behov som må dekkast?

4. Kven kan me hjelpa – og kven kan hjelpe oss?

  • I tillegg til menneske og dyr i eigen husstand – har me naboar og kjenningar som me bør passa litt ekstra på?
  • Er det nokon som kan trenga litt hjelp til å forstå situasjonen eller har behov for praktisk hjelp eller omsorg?
  • Kven kan me sjølv kontakta om me treng hjelp?
  • Kven kan gi oss husly om me ikkje held varmen eller av andre grunnar bør flytta ut?

5. Korleis kan me bli betre førebudde?

  • Korleis ville det gått om dette var verkeleg?
  • Korleis kan me gjera oss mindre sårbare?
  • Treng me meir kunnskap?
  • Har me det me treng, eller er det ting eller utstyr me bør skaffa oss?
  • Veit me kven som kan hjelpa oss om me treng det?
  • Har me oversikt over familie, naboar og kjenningar som kan trenga hjelp frå oss?
  • Har denne diskusjonen/øvinga gjort oss betre førebudde? Bør me gjera det igjen seinare?

Du kan lesa meir om eigenberedskap på sikkerhverdag.no.