Siste dag med testing i teltet

Koronakontoret avviklar tilbodet om vanleg koronatesting. Torsdag var siste dag med testing i teltet, som blir tatt ned om kort tid. Det er også slutt på elektronisk timebestilling og innmelding av positiv sjølvtest.

Torsdag var ein historisk dag for koronakontoret. Marlen Bjelland tok den siste PCR-testen i testteltet. Sølvi Haraldseid

Smittenivået er nå så lågt at det er på tide å avslutta delar av koronaberedskapen. Frå 1. mai blir bemanninga redusert på koronakontoret,  men det vil framleis vera ei viss bemanning til medio juni. Personalet som er igjen vil også ha arbeidsoppgåver knytt til Ukrainakontoret.

Sjølvtestar

Koronakontoret avviklar tilbodet om vanleg koronatesting. Me stenger Remin, som er det elektroniske systemet me har brukt ved timebestilling og sjølvrapportering. Publikum skal ikkje rapportera inn positive sjølvtestar lenger, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Det vil framleis vera eit restlager av sjølvtestar ute i butikkane. Desse testane blir delt ut gratis ved førespurnad. Utover det kan du få utlevert sjølvtestar på koronakontoret om du tek kontakt der.

Har du nyoppståtte luftvegssymptom og kjenner deg sjuk?

Koronasertifikat

Ved reise er det framleis viktig at alle sjekkar kva reglar det er for koronasertifikat i landet eller landa dei reiser til.

– Koronakontoret kan tilby reisetester ved forespørsel enkelte dagar inntil vidare. Her kan du også få utskrift av koronasertifikat. Reisetest bestiller du ved å ta direkte kontakt med koronakontoret. Om me ikkje har ledig kapasitet, må du kontakta ein privat aktør, seier Økland.

Dette må du veta om koronasertifikat