Sette ny dagsrekord med knappe 800 vaksiner

Organiseringa av den storstilte massevaksineringa laurdag har pågått sidan veka før jul. Det er også eit stort arbeid som er lagt ned gjennom dagen, både av fast tilsette, innleigde, Sivilforsvaret og frivillige.

Første del av laudagen var det veldig godt oppmøte både i Skjold Arena (biletet) og Ølen kulturhus. - Klikk for stort bileteFørste del av laudagen var det veldig godt oppmøte både i Skjold Arena (biletet) og Ølen kulturhus. Ellen Marie Hagevik

Kapasiteten var 100 dosar i timen på kvar av vaksinasjonsstadane. Det vil seia 600 dosar på både Skjold Arena og Ølen kulturhus. Dosane vart trekt opp av fast tilsette sjukepleiarar i kommunen, og 12 av dei var i sving laurdagen med opptrekk og setting av vaksiner.

I tillegg var det via Helsedirektoratet og Manpower hyra inn tre sjukepleiarstudentar og ein legestudent for å vera med å setta vaksiner.

For å halda orden på parkering, organisering, registrering og overvaking, har det vore vel 10 frå Sivilforsvaret og frivillige i sving. Her har to av dei faste frivillige hatt oppgåva med å læra opp dei andre.

Flest dose 3

– Dette har eigentleg vore som ein vanleg vaksinedag, berre gonger to. Då måtte me ha ekstra folk, og det var ikkje vanskeleg å få til. Det har vore ja over alt frå eigne tilsette til å bruka ein fridag til dette. Me er også takksame for at frivillige og Sivilforsvaret har stilt opp, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Fredag ettermiddag såg ein at det ville bli ledig kapasitet, og det vart opna for drop in-vaksinering dei siste to timane.

Laurdagens massevaksinering i Skjold og Ølen enda med ny dagsrekord med knappe 800 sette vaksiner totalt. Hovudsakeleg dose 3, men det vart også sett dose 1 og 2.

– Heilt nøyaktig tal på kor mange vindafjordingar som blei vaksinerte har me ikkje oversikt over enno. Dette på grunn av folk som ikkje kom, drop in-vaksiner og folk frå andre kommunar som har fått vaksine i dag. Men me er godt nøgde, og alt har gått veldig bra, seier Økland like etter at massevaksineringa er avslutta.

Vaksinering kvar veke framover

Ikkje alle som har fått dose 2 kunne ta dose 3 laurdag på grunn for kort tid mellom dosane. Intervallet er 20 veker. Dei får mogelegheit for vaksine etter kvart.

– Det blir vaksinering kvar veke framover, og målet er at alle skal ha fått dose 3 i løpet av februar, seier Økland.