Publikumsrekord på opninga av dagsturhytta i Vindafjord

Knallkjekk opning av Vadhytta i Kolbeinshauglia den 22. mars. Hytta er eit samarbeidsprosjekt med mange aktørar. Rogaland fylkeskommune og Sparebankstiftelsen står bak satsinga. 

Ordførar Ole Johan Vierdal klippa snora som vart halde av ein elev ved Bjoa skule og ein elev ved Vågen skule. - Klikk for stort bileteOrdførar Ole Johan Vierdal klippa snora som vart halde av ein elev ved Bjoa skule og ein elev ved Vågen skule. Anne Sofie Sandvik

Vestland har fått sett opp sine dagsturhytter og nå skal 27 hytter på plass i Rogaland. Vadhytta er nummer 9, og så langt den best besøkte på opningsmarkeringa.

Ei hytte for alle

Hytta skal vera  ein skatt som kan delast med alle. Sparebankstiftelsen har gitt sitt bidrag til denne skatten, resten har lokalt samarbeid samla saman.

Gruppa som har bestått av Berit Hetland frå Vindafjord kommune, Jon Olav Velde, Arne Gunnar Habbestad og Leon Dyngeland har gjort ein formidabel jobb heilt frå ide til ferdig hytte. Vindafjord turlag, grendeutval og mange små og store bidrag har sikra prosjektet og finansieringa.

Prosjektgruppa beståande av Jon Olav Velde (t.v.), Berit Hetland frå Vindafjord kommune, Leon Dyngeland og Arne Gunnar Habbestad har lagt ned ein solid innsats for å få på plass Vadhytta. - Klikk for stort bileteProsjektgruppa beståande av Jon Olav Velde (t.v.), Berit Hetland frå Vindafjord kommune, Leon Dyngeland og Arne Gunnar Habbestad har lagt ned ein solid innsats for å få på plass Vadhytta. Anne Sofie Sandvik

Storstilt opning

Opning med Belgtøttene, flotte talar og gåver til hytta, fanfare og snorklipping. Bjoa skule, Vågen skule, Ølensjøen FUS barnehage, seniorgruppe og mange andre møtte opp.

Då ordføraren klippa snora blei den sjølvsagt halde av ein elev frå Bjoa skule på den eine sida og ein elev frå Vågen på den andre sida. Alle fekk pølser då dei kom, og deilig avslutning med kake og kaffi.

 Belgtøttene laga god stemning på opningsdagen. - Klikk for stort bileteBelgtøttene laga god stemning på opningsdagen. Anne Sofie Sandvik

Varm på føtene og spanande lesing

Hytta har flotte sitteplassar både ute og inne. Den er utstyrt med både sitteunderlag og sokkar frå Husflidlaget og spanande bøker frå Vindafjord bibliotek.

Her kan du kosa deg anten du har gått ein lang eller kort tur!

Rekordmange samla til opningsfest. - Klikk for stort bileteRekordmange samla til opningsfest. Anne Sofie Sandvik